Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Stadheim

Erling Stadheim var ordførar frå 1992 til 2003.

Erling Stadheim var ordførar frå 1992 til 2003.

Erling Stadheim fødd 1943 frå Vik. Lensmann og Arbeidarparti-politikar. Han har m.a. tenestegjort i Utrykkingspolitiet (UP) og Kripos og vart lensmann i Vik i 1977.

Medlem av Vik kommunestyre sidan 1971, formannskapsmedlem sidan 1975 og ordførar i Vik frå 1992. Han har vore nestleiar i fylkespartiet for Ap 1995-1999, og landsstyremedlem i fem år.

Stadheim har vore leiar i Sogn Regionråd i nær tre år, og har elles vore leiar i Sogn skikrins og i Vik idrettslag 1975-1980.

Bad folk i Vik om orsaking

Det var Stadheim som lanserte tanken om investeringar av framtidige kraftinntekter ved risikable plasseringar i amerikanske hegdefond gjennom meklarselskapet Terra Securities. Avkastinga skulle skaffe pengar til opprusting av Vikafjellsvegen. I staden fekk kommunen eit tap på kring 70 millionar kroner då Terra Securities vart slege konkurs i 2007. Stadheim bad seinare folket i Vik kommune om orsaking for sine feilvurderingar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011