Hopp til innhold
X
Innhald

Erna Osland

 Erna Osland. Foto: Dei Nynorske Festspela.

Erna Osland. Foto: Dei Nynorske Festspela.

Erna Osland fødd 1951 i Høyanger, busett i Matre, seinare på Byrknesøy. Forfattar.

Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen «Natteramnen» og har sidan gjeve ut mange barne- og ungdomsbøker:

  • Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen (1988)
  • Noas løve (1989)
  • Det sjette grepet (1990)
  • Kryssord (1990)
  • Reisa til Maria (1991)
  • Ellinor (1992)
  • Ulvens skugge (1993)
  • Tunnelkjøraren (1993)
  • Hauk over hauk (1993)
  • Ellinor (1994)
  • Ringar i blod (1994)
  • Blindt mysterium (1995)
  • Matti og den store stjernepassaren (1995)
  • Farleg mørke (1996)
  • Mysteriets rose (1996)
  • Det sjette grepet (1997)
  • Sivimmel (1997)
  • Kattespranget (1998)
  • Sju-ni-tretten (1998)
  • Sikkert som S (1998)
  • Salamanderryttaren (1999)
  • Under påskemånen (2000)
  • Ligge på vinden (2000)
  • Hår i millionar (2000)
  • Rid i natt! (2001)
  • Berre du som veit (2003)
  • Nær nok (2004)
  • Perfekte par (2005)
  • Du er vel vakker (2006)
  • Fint å ha far (2006)
  • Den farlege reisa (2006)
  • Den uendelege reisa (2009)
  • Sov søtt, herr Spiss (2010)
  • Kyss ein bokstav (2011 - Skald forlag)
  • Venner med venger (2012) - Samlaget
Erna Osland vart tildelt Damm-prisen 1991, Skolebibliotekforeningens pris 1991, Nynorsk barnelitteraturpris 1992, Kulturdepartementets tegneseriepris 1999 og Brageprisen 1999 for beste barne-og ungdomsbok. Gav i 2001 ut romanen «Rid i natt» på Samlaget.

Erna Osland har og gjeve ut fleire fagbøker, mellom anna "Bruke havet" (1990) om pionértida i norsk fiskeoppdrett. I 2013 kom boka «Anna og Solmann» (Skald forlag), om Anna og Solmann Einebærholm frå Gulen og deira strev for å vere saman etter at Anna fekk fleire slag.

Dotter til Erling Osland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013