Hopp til innhold

Eva Skomsø Svanøe

Eva Skomsø Svanøe er forfattar (lyrikar) og lærar. Med erfaren observasjonsevne nyttar ho bilete frå naturen til å seie noko om tilhøvet til sjølvet og til andre menneske.

Eva Skomsø Svanøe er fødd 26. oktober 1954 i Holvik i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane og er busett på Svanøy i Flora kommune. Svanøe gjekk på Flora gymnas i 1970–74. Ho arbeidde som lærar på Svanøy skule frå 1981 til 2008 og gjennomførte desentralisert lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal i 1988–92. Ho har vore leiar i Sogn og Fjordane Skrivelag, har vore kurshaldar for Flora skrivesirkel og skreiv i mange år for tidsskriftet Vestlandsk landbruk. Svanøe sine dikt har mellom anna vore nytta i antologien Angstens poesi (2007).

Svanøe debuterte i 1991 med diktsamlinga Eg møtte. Diktsamlinga er eit personleg eksperiment, men ikkje utleverande. I utforskinga av seg sjølv og tilhøvet til andre menneske hentar forfattaren bilete frå ein mektig kystnatur. Det er ei moden og erfaren stemme som taler i dei enkeltståande dikta. Dikta kan òg lesast som ein indre kommunikasjon, mellom ulike kjensler og sider av eigen personlegdom. Svanøe er modig i val av tema, men samstundes humoristisk og jordnær. Sjølv om motiva og tematikken er sjølvutforskande, er ikkje lyrikken sjølvsentrert, men heller allmennmenneskeleg.

«Eg»

Eg er eit vindu.
Sjå gjennom meg.
Lat regnet samle seg i små bekkar.
Opn meg
lat frisk luft strøyme inn.
Set haspa på
mot stormen.

«Eg» av Eva Skomsø Svanøe: Eg møtte. Samlaget 1991. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Forfattaren er oppteken av observasjon og evnar å få fram det unike i skildringar av menneske, natur og detaljar. Naturen er ei inspirasjonskjelde, i kombinasjon med fabulering og fantasi. Positive og kreative krefter vert henta fram frå gamal folketru. Språket står fram som ekte og til tider impulsivt, med enkle og meiningsfulle formuleringar.

Kjelder

Samtale med Eva Skomsø Svanøe 4.12.2017

Nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek, «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/eva-skomso-svanoe/ [lesedato 29.11.2017]

Peikarar

Eva Skomsø Svanøe: Eg møtte. Oslo 1991. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 15.06.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018