Hopp til innhold
X
Innhald

Even Anton Thomas Landmark

Even Anthon Thomas Landmark (1842-1931) frå Tysse, busett i Oslo. Jurist, fiskeriinspektør og pionér innan norsk villaksforvaltning.

Cand. jur. 1864, amtsfullmektig i Stavanger 1865-1867, og skrivar i Indredepartementet frå 1867.

Tilsett som fiskeriinpektør for ferskvassfisk i 1874, og gjorde eit banebrytande arbeid for norsk lakseforvaltning og -lovgjeving. M.a. organiserte han eit effektivt rapporterings- og statistikksystem for laksefisket, og fekk innført fredingstider for laksefisket.

Gjennom studieturar til Storbritannia og Irland skaffa han seg kunnskap om bygging av laksetrapper, og gav i 1884 ut ei avhandling om emnet. Ved systematisk merking av laks skaffa Landmark fram dei første vitskapelege prova på at utvandra laks alltid vender tilbake til fødeelva. Han fekk også bygd dei første norske lakseklekkeria.

Medlem av styret i Norges Jæger- og Fiskerforening 1877-1922 og æresmedlem i laget. Han var ein ivrig ornitolog, og var medutgjevar av «Norges Fugle» i 1921. Gav elles ut «Stamtavle over en norsk slegt Landmark» i 1924. Son til Nils L. Landmark og ein av 15 sysken (sjå omtale under faren).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008