Hopp til innhold
X
Innhald

Even Hovland

Even Hovland i aksjon for Sogndal mot Molde. Foto: Rune Fossum, NRK.

Even Hovland i aksjon for Sogndal mot Molde. Foto: Rune Fossum, NRK.

Even Hovland fødd 1989, frå Vadheim. Fotballspelar og student. Spela fotball i Vadheim og Høyang før han i 2006 vart teken inn i A-stallen til Sogndal Fotball, der han etter kvart fekk fast plass som midtstoppar.

Hovland har spela fem U17-landskampar, fem U18-landskampar, 13 U19-landskampar, seks U21-landskampar og ein U23-landskamp.

På A-landslaget

I 2011 var han og i troppen til A-landslaget i EM-kvalifiseringskampen mot Kypros. Debuten på A-landslaget fekk han i januar 2012 mot Danmark, ein kamp som enda 1-1. I januar 2014 fekk han landskamp nummer to, mot Polen. I mellomtida hadde ein langvarig skade sett han ut av spel. I juni 2014 spelte han frå start i EM-kvalifiseringskampen mot Aserbajdsjan. I 2015 var han fast midtstoppar på landslaget frå og med EM-kvalifiseringskampen mot Bulgaria 3. september.

Even Hovland vart tildelt Kniksen-prisen som beste forsvarsspelar i Tippeligaen i 2011.

Til Molde og så Tyskland

I 2012 skreiv han ein treårskontrakt med Molde FK, som dette året vart seriemeister i Tippeligaen. I 2013 vart han cupmeister med Molde. Til saman spelte han 66 kampar for Molde før han i 2014 vart seld til den tyske 2. Bundesligaklubben FC Nürnberg. Der vart han skadd før sesongen tok til, han fekk debuten sin mot Kaiserslautern 29. september 2014.

Even Hovland får Kniksen-prisen før siste seriekampen i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Even Hovland får Kniksen-prisen før siste seriekampen i 2011. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016