Hopp til innhold
X
Innhald

Even Kraft

Kraft budde på Lovisendal. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kraft budde på Lovisendal. Foto: Arild Nybø, NRK.

Even Pedersen Kraft (1674-1747) frå Enebakk, busett på Lovisendal, Brekke. Offiser.

Sersjant i Vesterlenske Regiment 1702 og avanserte til kaptein i Nordre Telemarkske Compagnie i 1717. Under krigen 1716-1718 tenestegjorde han ved Fredrikshalds garnison, og skreiv i 1742 ein artikkel der han gav seg sjølv ein helterolle i Elleveårskrigen mot svenskane 1709-1720.

Han tenestegjorde også ei tid i admiral Tordenskiold sin flåte. Kom til Bergenhusiske Regiment i 1820, og fekk bustad i Brekke.

Budde på Lovisendal 1727-1745. I Brekke dreiv han aktiv verving av unge gutar til Hæren. Ein av desse var grandonkel til diktaren Henrik Wergeland, Nils Olsen Verkland, som vart den første i denne slekta som kalla seg Wergeland - sjå: Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt.

Even Kraft var onkel til den kjende matematikaren Jens Kraft (1720-1791), som også vart justisråd i Danmark/Noreg i 1761.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011