Hopp til innhold
Alfred Fidjestøl. Foto Cecilie Seiness/Samlaget.
Alfred Fidjestøl. Foto Cecilie Seiness/Samlaget.
X
Innhald

Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl, filosof, journalist og forfattar som skriv artiklar og sakprosabøker om vidt forskjellige personar og institusjonar. Skrivestilen hans er prega av knappe setningar og eit klart og lettfatteleg språk.

Alfred Fidjestøl er fødd i Bergen i 1973. Han leverte hovudoppgåva si i filosofi ved Universitetet i Oslo i 2001. I avhandlinga tolkar han Hannah Arendt og Hans Jonas sine filosofiske prosjekt i lys av Martin Heidegger. Ifølgje Fidjestøl «sosiologiserer» Arendt, medan Jonas «biologiserer», filosofien til Heidegger.

Mellom 2003 og 2007 var Fidjestøl journalist i avisa Klassekampen. Sidan 2013 har han vore journalist og skribent for Morgenbladet. Både som journalist og bokforfattar har han arbeidd mykje med emne som er relaterte til kultur og litteratur.

Fidjestøl har skrive fleire bøker. I den første, Hans Jonas. Ein introduksjon, byggjer han vidare på tesen frå avhandlinga si. Han skildrar både biografiske og filosofiske sider ved den tyske filosofen og syner korleis dei heng saman. Den neste boka hans var Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle, som kom ut i 2007. I samband med Det Norske Teatret sitt hundreårsjubileum i 2013 fekk Fidjestøl oppdraget med å skrive historia til teateret. Resultatet vart boka Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Den siste boka hans er Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924. Boka handlar om krinsen rundt Hulda og Arne Garborg då dei budde på Labråten i Asker. Frå og med 2013 har Fidjestøl teke del i eit forskingsprosjekt om historia til Norsk kulturråd, som skal munne ut i eit bokverk i tilknyting til rådet sitt 50-årsjubileum i 2015.

For biografien om Per Sivle fekk Fidjestøl tildelt Ole Vig-prisen i 2008. Boka om Det Norske Teatret vart nominert til Brageprisen.

Kjelder

Alfred Fidjestøl: To utvegar frå Sein und Zeit. Ei samanlikning av Heidegger-innverknaden hjå Hans Jonas og Hannah Arendt. Hovudoppgåve i filosofi, Universitetet i Oslo 2001

Alfred Fidjestøl: Hans Jonas. Ein introduksjon. Oslo 2004

Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle. Oslo 2007

Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Oslo 2013

Alfred Fidjestøl: er Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924. Oslo 2014

Forfattarside om Alfred Fidjestøl hos Det Norske Samlaget, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/Forfattarar/F/Alfred--Fidjestoel.aspx [lesedato 1.1.2014]

Peikarar

Norsk kulturråds historie: http://www.kulturradet.no/fou/norsk-kulturrads-historie

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 25.08.2015