Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Fannemel

Anders Fannemel, skihoppar og skiflygar frå Hornindal. Han har fire verdscupsigrar og VM-gull i laghopp og skiflyging laghopp, og han konkurrerer for Hornindal IL.

Anders Fannemel er fødd 13. mai 1991 i Hornindal. Han er son av Ola Rasmus Fannemel og Ellen Bodil Kirkeeide. Fannemel byrja med skihopping som 13-åring og gjekk på hopplinja ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Etter god innsats under kontinentalcupen sommaren 2009 fekk han sjansen i verdscupen i desember same året, berre 18 år gamal. Der imponerte han med ein sterk 10.‑plass.

I junior‑VM i Hinterzarten i 2010 enda Fannemel på 11.‑plass. Under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i 2012 tok Fannemel bronse. Året etter tok han gull under NM på Rena.

Gjennombrotet

I byrjinga av 2012/2013-sesongen kom det verkelege gjennombrotet. På Lillehammer 25. november hoppa Fannemel ned til 6.‑plass i normalbakken og 2.‑plass i storbakken. Den første verdscupsigeren kom i desember sesongen etter, i russiske Nizjnij Tagil. Og under skiflygingsrenna i Vikersund i februar 2015 sette Fannemel verdsrekord med 251,5 meter. Verdsrekorden stod i to år, fram til lagkamerat Robert Johansson landa på 252 meter i mars 2017, også det i Vikersundbakken. Fannemel var òg med på det norske laget som tok gull under VM i laghopping i Falun i 2015, og den jamt sterke hoppinga sikra han ein fjerdeplass samanlagt i verdscupen i 2014/15.

I januar 2016 var Fannemel òg med på laget som tok gull i VM for lag i skiflyging. Sigeren kom under meisterskapen i Kulm i Austerrike. Året etter tok han lagsølv under VM i Lahti, og i sesongen 2017/2018 tok han ein sterk tredjeplass i den tysk-austerriske hoppveka samanlagt.

Anders Fannemel. Kjelde: Norges Skiforbund hopp, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Anders Fannemel under verdscupen i desember 2009. Kjelde: Norges Skiforbund hopp, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Samla har Fannemel tolv pallplasseringar i verdscupen i skihopping, ein tredjeplass i den tysk-austerrikse hoppveka, eit VM‑gull og eit VM‑sølv i laghopp, og eit VM-gull i skiflyging laghopp. I juli 2019 fall Fannemel stygt etter eit treningshopp i Wisla i Polen. Korsbandet og menisken i venstre kne blei skadde.

Fannemel er kjend som ein god skiflygar og blei i 2012 kåra til årets skiflygar av KOP (Den internasjonale skiflygarorganisasjonen). I 2015 blei han utnemnd til æresmedlem i Hornindal Idrettslag.

Kjelder 

Anders Fannemel, utøvarprofil, fis-ski.com: https://data.fis-ski.com/dynamic/athlete-biography.html?sector=JP&competitorid=140329&type=result&bt=next&limit=50&bt=next&rec_start=250 [lesedato 4.2.2018]

«Historien om Vikersund», vikersund.no: https://vikersund.no/historie/ [lesedato 6.10.2019]

Oddleif Løset: «Anders (18) klar for verdscupen», nrk.no, sist oppdatert 4.12.2009: https://www.nrk.no/sognogfjordane/anders-_18_-klar-for-verdscupen-1.6896731 [lesedato 5.2.2018]

Oddleif Løset: «Fannemel knuste alle konkurrentane», nrk.no, sist oppdatert 23.8.2009: https://www.nrk.no/sognogfjordane/fannemel-knuste-alle-konkurrentane-1.6742775 [lesedato 5.2.2018]

Ole Kristian Strøm: «Anders Fannemel mister trolig hele sesongen: – Det er ganske jævlig», vg.no, sist oppdatert 19.7.2019: https://www.vg.no/sport/i/qLey9e/fannemel-mister-trolig-hele-sesongen-det-er-ganske-jaevlig [lesedato 1.10.2019]

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 20.11.2019