Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Folkestad

Anders Jan Folkestad, lektor og fagforeiningsmann, leiar for UNIO – hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna – sidan han vart oppretta i 2001.

Anders Folkestad er fødd 16. mars 1949 i Volda. Han har utdanning frå Idrettshøgskulen og i tillegg engelsk hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1977. Folkestad har undervist som lektor ved Odda gymnas og Stranda vidaregåande skule, før han gjekk inn i organisasjonslivet på heiltid. Han var leiar i Norsk Undervisningsforbund 1990–93, deretter i Lærerforbundet og så i UHO (Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon) frå 2001. UHO vart i 2005 omdøypt til UNIO, som er latin for «eg sameiner».
 
Folkestad har stått i fremste rekkje blant fagforeiningsfolk her i landet gjennom dei siste tiåra. Høgre løn for høgt utdanna grupper, likestilling i yrkeslivet, gode pensjonsordningar og betre vilkår for tilsette i stat og kommune er nokre av krava han har fronta som organisasjonsleiar. I skulefagleg samanheng har han ikkje minst vore oppteken av å styrkje kroppsøvingsfaget.
 
Kjelder
Lena Opseth: «Jubilant i skyggen», Utdanning 03.04.2009
 
Peikarar
Intervju med Anders Folkestad, Norgesdokumentasjon, opptak 17.10.2001

Først publisert: 11.09.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013