Hopp til innhold
Anna R. Folkestad (2013). Foto: Bodil Haga / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
Anna R. Folkestad (2013). Foto: Bodil Haga / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Anna R. Folkestad

Anna R. Folkestad er barnebokforfattar og illustratør. Ho nyttar eigne illustrasjonar i nynorskbøkene sine for dei yngste.

Anna Rommetveit Folkestad er fødd 24. juni 1983 og er frå Stord i Hordaland. Ho gjekk på Kunstskulen i Rogaland i 2003–04 og tok teknisk teikning ved Noroff i 2007–08. Forfattaren har hatt oppdrag for Den kulturelle skulesekken og Nynorsksenteret i 2014–17.

Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And. I 2012–13 gav ho ut tre bøker om pingvinane Unni og Gunni, også desse biletbøker. Tanntrøbbel (2015), Krabbekrise (2016) og Plommeproblem (2017) handlar alle om duoen Besta og Bo, og er ein del av lettlestserien «Leseland». Boka Stupe-Stig (2018) er også del av denne lettlestserien. 

Forfattaren vender seg til dei aller yngste lesarane, og samspelet og harmonien mellom illustrasjonar og tekst har særleg appell til denne målgruppa. Som illustratør nyttar ho sterk og klar fargebruk, og ho har eit engasjert visuelt uttrykk. Språket i bøkene er kjenneteikna av humor og livsglede, samstundes som dei tilbyr innsikt og opnar for funderingar rundt verdiar og samspel mellom individ.

Serien om pingvinane Unni og Gunni handlar om heimen, og om å vere på reise. Kvaliteten i forteljingane ligg i tydelege, talande illustrasjonar og karakterar. Samtalen mellom pingvinane er enkel, men handlinga er likevel innom store og viktige spørsmål i livet. Bøkene om Besta og Bo tek på humoristisk vis for seg kvardagsproblem og den gode kjensla av å ha ei smågal bestemor.

For boka Unni og Gunni reiser, fekk forfattaren tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2012. I 2014 fekk Folkestad Kulturrådet sitt arbeidsstipend for yngre nyetablerte kunstnarar.

Kjelder

Nettsamtale med Anna R. Folkestad 29.9.2017

«Anna Rommetveit Folkestad», bibliografi hos Forfatterkatalogen, forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/anna-rommetveit-folkestad/ [lesedato 25.9.2017]

Forfattaren si nettside: http://www.annafolkestad.no/ [lesedato 25.9.2017]

 

Peikarar

Svein Olav B. Langåker: «Prisar Anna R. Folkestad for Unni og Gunni», om tildelinga av Nynorsk barnelitteraturpris 2012, framtida.no 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 04.02.2019