Hopp til innhold
Foto: Anne Britt Kilvik/ Samlaget
Foto: Anne Britt Kilvik/ Samlaget
X
Innhald

Anne Karin Fonneland

Anne Karin Havnerås Fonneland, lærar, barnebokforfattar og lyrikar som skriv dikt om det grunnleggjande menneskelege.

Anne Karin Fonneland er fødd 9. november 1956 og er oppvaksen og busett på Sunde i Sunnhordland. Ho er utdanna cand.mag. i samfunnsvitskaplege fag og norsk frå Universitetet i Bergen. Fonneland underviser i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule.
Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk. Samlinga inneheld 63 dikt og handlar om menneskesinnet som kolliderer med krefter som er utanforliggjande. I diktsamlinga vil Fonneland seie alt som det er, utan samtidig å seie for mykje. Ho gjer det utan jåleri i språket.
I 1996 skreiv Fonneland noveller i Heltane er mette, ein antologi for ungdom, og i 1997 kom barneboka Under påskemånen. Her skreiv sju forfattarar om kvar sitt barn. I 1998 kom Sju-ni-tretten, som er ein frittståande oppfølgjar om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev.
Når dei vakne ser (1999) inneheld dikt og prosalyrikk, og Fonneland skriv om grunnkåra i menneskelivet og gir ord til det ordlause. I 2004 kom diktsamlinga Kvit, og som vind. Her skriv ho mjukt, gripande og sterkt, med poetiske bilete om alderdom i den siste livsfasen på institusjon.
Diktantologien 55 dikt om far kom i 2005, og Stemma mi er her blei utgitt i 2008. Boka inneheld dikt og bilete frå baroniet i Rosendal, men perspektivet er vidare.
Kjelder
Anne Karin Fonneland, forfattarside, kulturnett.no, http://www.kulturnett.no/kunstner_og_artister/kunstner_og_artister.jsp?id=T11097285 [lesedato 6.3.2011]
Anne Karin Fonneland, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/F/Anne-Karin-Fonneland.aspx [lesedato 6.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013