Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Fagerholt

Arne Fagerholt, fødd 1964, er dansar og koreograf. Fagerholt er utdanna i Trondheim og på Statens balletthøgskule i Oslo. Han var tilsett i Den norske nasjonalballetten i åra 1983–88 og dansar og koreograf i Carte Blanche frå 1988 til 1992. Frå då av vart han frilansar. Fagerholt var vidare kunstnarisk leiar for Carte Blanche i 2001–2008, og frå 2011 er han kulturleiar i Orkdal.
 
Sjå video der Arne Fagerholt er solist i stykket Spirits
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013