Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Falk

Arne Falk, journalist og redaktør, som arbeidde i pressa i 60 år, det meste av tida i nynorske aviser og blad.

Falk var fødd 15. september 1886 i Herøy på Helgeland og døydde i Oslo 11. november 1973. Han gjekk amtsskulen for Helgeland 1901–02 og hadde ymse arbeid før han i 1912 vart kontorsjef i Den 17de Mai. Det var byrjinga på eit 60-årig liv i pressa, det meste av tida i nynorske aviser og blad.
Frå 1918 var han journalist i Den 17de Mai, og 1927–35 redaksjonssekretær. I tillegg var han redaktør for Norsk Barneblad 1916–18, og 1921–32 redaktør i det nynorske familiebladet For Bygd og By. Frå 1935 var Falk redaksjonssekretær i Norsk Tidend, 1937–46 redaktør. Etter krigen, frå 1946 til 1962, redigerte han fagbladet Journalisten. Og frå 1964 hadde han si eiga spalte i Dag og Tid, «Frifant-epistlar».
Han hadde ei rad tillitsverv i presseorganisasjonar. Alt i 1919 vart han styremedlem i Oslo Journalistklubb, 1933–58 var han sekretær. Han var medlem av hovudstyret i Norsk Presseforbund 1939–1941, varamedlem i ni år og 1945–47 medlem av det faglege utvalet.
Under krigen var Falk aktiv i det illegale arbeidet og var kontakt mellom presseorganisasjonane og regjeringa. Han var sekretær i gruppa som før frigjeringa førebudde overgangen til ei fri presse.
I 1945 vart han tildelt Norsk Presseforbunds heidersteikn og i 1958 vald til æresmedlem. Han vart slått til riddar av Oslo Journalistklubbs orden Blækspruten i 1946 og fekk i 1965 prisen frå Riksfondet for nynorsk presse for godt journalistisk arbeid.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Rolv Werner Erichsen: For ytringsfrihet under ansvar. Norsk Presseforbund 1910–1935–1960. Bergen 1960
Arne Falk: Frifant-epistlar. Oslo 1969
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Guri Hjeltnes: Avisoppgjøret etter 1945. Oslo 1990
Aage Møst (red.): Oslo Journalistklubb 100 år. 1894–1994. Oslo 1994
Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Rune Ottosen: Fra fjærpenn til Internett. Oslo 1996
Pressefolk 1930. Oslo 1931
Pressefolk 1950. Oslo 1950
Pressefolk 1967. Oslo 1967

Først publisert: 21.09.2011
Sist oppdatert: 26.05.2017