Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Fjellbu

Arne Fjellbu, 1890–1962, var teolog, domprost i Trondheim frå 1937, men vart avsett i 1942 og seinare forvist. Det førte til det opne brotet mellom biskopane og dei nazistiske styresmaktene. Fjellbu flykta til Sverige i 1944 og vart same året konstituert biskop for dei frisette områda i Nord-Noreg. Han var biskop i Nidaros i perioden 1945–60. Fjellbu gav ut mellom anna En biskop ser tilbake i 1960 i tillegg til ei rekkje lærebøker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012