Hopp til innhold
X
Innhald

Åsmund Farestveit

Åsmund Farestveit, teolog, sokneprest og romanforfattar frå Voss med lidenskap for nynorsken. Kombinasjonen av kristentru og livet på Vestlandet utgjorde grunnlaget for forfattarskapen.

Åsmund Farestveit var fødd inn i ein bondefamilie i Modalen 20. august 1905. Han døydde på Voss 22. mai 1986. Utdanninga starta på Voss offentlege handelsgymnas i 1922, og etter fire år, i 1926, vart han uteksaminert frå latinlinja. Same året han var ferdig på gymnaset, byrja Farestveit å studere teologi ved Universitetet i Oslo, der han var ferdig med teologutdanninga i 1932.
 
Etter utdanninga følgde nokre år som lærar, først ved Gudbrandsdalen folkehøgskule i 1931–32, så ved Fyresdal realskule i 1933–34 og til slutt ved Telemark folkehøgskule i 1934–36. Han vart stiftskapellan i Agder i 1936. Seinare var han sokneprest i Hafslo frå 1942, Førde frå 1949 og til slutt Fusa frå 1962 til 1972.
 
I perioden 1964–68 var han formann i Prestemållaget.
 
I 1943 kom Farestveit si omsetjing av dei ni første bøkene av Augustin sitt verk Confessiones ut. Dei fire siste bøkene av verket vart omsette av Hermund Slaattelid, og alle 13 kom ut i samla utgåve i 2009. Confessiones er eit sentralt verk i kristen mellomalderfilosofi og teologi. Der vender Augustin seg til Gud, fortel om sitt eige liv og prøver å finne svar på filosofiske spørsmål. Vidare i Farestveit sin forfattarskap finn vi tre romanar: Erik Venjum. Sognebonde og lesarhovding (1960), Klårfjell (1975) og Berserken og mor hans (1986). I bøkene hans spelar det kristne truslivet i vestlandske bondesamfunn ei viktig rolle. I artikkelen «Ideal og røyndom» skriv Farestveit om gymnastida på Voss og viser der kor viktig nynorsken og kristentrua var for han.
 
Kjelder
Augustin: Confessiones, omsett av Åsmund Farestveit og Hermund Slaattelid. Oslo 2009
Torkjell Djupedal: Førde. Kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998
Åsmund Farestveit: «Ideal og røyndom», i Framnes, Eskeland, Tylden (red.): Voss offentlege landsgymnas. Ei tretti-årsskrift 1916–1946. Voss 1946
Prester i den norske kirke og andre teologiske kandidater. Oslo 1974 <
 
Peikarar
Erik Venjum. Sognebonde og lesarhovding hos NB digital

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015