Hopp til innhold
Åsmund Forfang
Åsmund Forfang
Foto: Studio G., Orkanger, for Det Norske Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Åsmund Forfang

Åsmund Forfang, forfattar og omsetjar som har skrive barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller og dokumentarbøker.

Åsmund Forfang er fødd 22. mai 1952 i Orkdal i Sør-Trøndelag og bur på Orkanger. Forfang tok examen artium ved Orkdal vidaregåande skule i 1972. Han har grunnfag i religionshistorie frå 1975.
 
Forfang har vore lærar på Torshus folkehøgskule (1972–73), sveisar ved Vigor på Orkanger (1979–81) og redaksjonssekretær i Dag og Tid (1984–88). Sidan 1993 har han vore språkvaskar for Det Norske Samlaget. Forfang debuterte litterært med novellesamlinga Bilen med det store hjertet i 1972.
 
Debutsamlinga inneheld science fiction-noveller, men sidan har han skrive barne- og ungdomsromanar, vaksenromanar, novellesamlingar og dokumentarbøker innanfor ulike emne. Eit særdrag ved forfattarskapen til Forfang er langnovellene. «Bryllaupet i Ballarat» (i samlinga Bryllaupet i Ballarat og to andre historier (1987) handlar om ein ung engelskmann som skildrar ei reise til Australia i 1850-åra. I Den første sidan Sigurd (2007), som òg er ei langnovelle, skriv Forfang om journalistar og kva for mekanismar som rår i eit travelt redaksjonsmiljø. Forfang er òg omsetjar av engelsk og amerikansk litteratur og har mellom anna omsett Parrot og Oliver i Amerika av Peter Carey (2012).
 
Åsmund Forfang har hatt fleire verv i nynorskrørsla. Han var formann i Studentmållaget i Oslo i 1975–76 og leiar for Norsk Målungdom i 1976–77.
 
Forfang fekk stipend frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1988.
 
Kjelder
E-post frå Åsmund Forfang 30.3. og 17.5.2014
 
Hallgerd Aune ofl.: Trønderforfattarar i hundre år. Trondheim 1999
 
Åsmund Forfang, forfattarside på samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/f/aasmund-forfang.aspx [lesedato 3.3.2014]

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 14.11.2018