Hopp til innhold
X
Innhald

Aud Folkestad

Aud Folkestad, lektor, kulturarbeidar og venstrepolitikar frå Møre og Romsdal.

Aud Folkestad er fødd 10. januar 1953 i Arendal. Ho er utdanna filolog med nordisk hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1979. Ho arbeidde som lektor og seinare som rektor ved Stranda vidaregåande skule 1983–2007. Sidan 2007 har ho vore dekan ved avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. I denne stillinga har ho vore særleg oppteken av å fremje kunst- og kulturfaga i lærarutdanninga. I 2005–09 var Folkestad medlem av Norsk kulturråd, som leiar for fagleg utval for barne- og ungdomskultur.
 
Folkestad var leiar i fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal i 1999–2003. Ei av hjartesakene hennar har vore satsing på kulturformidling i skuleverket, der fylket dreiv pionerinnsats gjennom såkalla «kulturniste» til skuleelevane. Seinare har dette vorte ei landsdekkjande ordning (Den kulturelle skulesekken).
 
Folkestad var i 2000–02 første nestleiar i Venstre, og i 1997–2001 vararepresentant til Stortinget for Møre og Romsdal Venstre. Men i 2002 trekte ho seg frå alle verv i partiet etter å ha teke eit kraftig oppgjer med partileiar Lars Sponheim.
 
Peikarar
Aud Folkestad hos stortinget.no

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013