Hopp til innhold
Berge Furre. Foto: Jon Petter Reinertsen/Samfoto, Samlaget
Berge Furre. Foto: Jon Petter Reinertsen/Samfoto, Samlaget
X
Innhald

Berge Furre

Berge Furre, historikar, politikar og teolog. Som samfunnsengasjert, kristeleg sosialist var han med på både å skape og å skrive noregshistorie.

Furre vart fødd 13. april 1937 i Sjernarøy (no Finnøy kommune), men kom til Oslo tidleg i tenåra. Han døydde 11. januar 2016. Berge har studert teologi og tok utdanning som cand.philol. med historie, statsvitskap og kristendomskunnskap ved Universitetet i Oslo i 1968.

Han var ein markant personlegdom på fleire samfunnsområde. Furre kom tidleg med på venstresida i politikken og var blant leiarane for det såkalla Påskeopprøret i Ap i 1958. I 1961 var han med på å skipe Sosialistisk Folkeparti. Frå 1973 til 1977 var han stortingsrepresentant frå Rogaland for Sosialistisk Valforbund, og i 1976–83 var han leiar i SV.

Furre skreiv fleire historieverk om det 20. hundreåret. Frå 1971 til 1986 var han knytt til Universitetet i Tromsø, mot slutten som professor, men i 1991 vart han i staden professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han var også engasjert i målsaka og hadde ei rekkje verv i det offentlege og i organisasjonslivet.

Motkulturell og radikal

Furre hadde sin bakgrunn i mellomklassen – faren var ingeniør og mora sekretær. Samstundes voks han opp i trakter der motkulturane – målsak, norskdom, lekmannskristendom og bedehuskultur – stod sterkt. Frå Rogaland bar han med seg grunnhaldningar som prega han seinare i livet, og som styrktest då han kom til hovudstaden etter at faren døydde då Furre var tenåring.

I Oslo søkte han mot kristelege krinsar og vart formann i Oslo Kristelege Gymnasistforbund i 1955. Samstundes hadde Furre frå tidleg av ein grunnleggjande radikalisme i seg, og han var politisk bråmogen. Han melde seg inn i AUF som 16-åring og vart formann i Sosialistisk Studentlag som 19.

Furre markerte tidleg motstand mot den militære opprustinga under den kalde krigen. Han deltok i skipinga av gruppa Unge pasifistar, var sekretær i Kristent Fredslag 1955–57, og han utførte verneplikta si som sivilarbeidar 1958–60. Då 45 stortingsrepresentantar signerte ein protest mot atomvåpen i 1958, var Furre ein av dei som stod bak. Året etter vart han suspendert frå Ap. Dermed bar det inn i det nye SF, der Furre vart den første partisekretæren.

Målmannen

Mot slutten av 1960-åra engasjerte Furre seg for ei fornying av målrørsla. Han var styremedlem i Noregs Mållag 1968–70, redaktør i Syn og Segn i 1966–71 og redaktør for debattboka Målreising 1967, der nynorsken og målrørsla si stilling vart analysert. Sluttkapitlet i boka vart ståande som eit arbeidsprogram for Noregs Mållag dei neste åra og innebar mellom anna ei avvising av tilnærmingslina til bokmål. Berge Furre hadde styreverv i Det Norske Teatret i 18 år. I perioden 1997-2004 var han styreleiar.

Politikaren

Etter nokre år i strid på andre frontar tok Furre opp att sitt politiske arbeid for fullt på det turbulente 1970-talet. Han engasjerte seg på nei-sida i EF-striden og kom inn på Stortinget i 1973. Der vart han leiar i landbrukskomiteen og ein av arkitektane bak jamstillingsvedtaket som skulle sikre norske bønder ei inntektsutvikling på linje med industriarbeidarar. I 1976 vart han formann i det nyskipa SV, men han rauk ut av Stortinget året etter då partiet oppnådde eit svært dårleg valresultat.

I 1979 risikerte Furre saman med Finn Gustavsen riksrett, etter at dei to hadde offentleggjort hemmelegstempla opplysningar om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg. Saka vart lagd bort av Odelstinget, men berre med eit knapt fleirtal, 47 mot 44 stemmer. Som medlem av Lund-kommisjonen i 1994–96 medverka Furre sterkt til eit oppgjer med tidlegare hemmeleghald og politiske overvakingar.

Historikaren og teologen

Etter å ha fullført utdanninga si med hovudoppgåve i historie om mjølk, bønder og tingmenn i mellomkrigstida, tok Furre til å arbeide som historikar. Det mest lesne verket hans er truleg Norsk historie 1905–1940 og Norsk historie 1905–1990, som har kome i fleire utgåver og er mykje brukt som pensum på universitet og høgskular. Soga om Lars Oftedal (1990) er på same tid både ein biografi og eit djupdykk i norsk kulturhistorie. Den faglitterære forfattarskapen hans omfattar også debattbøker som Forsvar for fred (1983) og Nei til EU (1994).

På 1980-talet vende Furre seg mot kyrkja att, og han melde overgang frå historiefaget til teologien. Han har undervist i kyrkjehistorie, og i 1998 vart han ordinert til prest. Han har også hatt ei rekkje kyrkjelege verv, mellom anna som medlem av styret i Kirkens Bymisjon og av kommisjonen som skulle vurdere forholdet mellom kyrkje og stat 1998–2000.

Talaren

Furre markerte seg tidleg som ein dyktig retorikar. Alt som teologistudent i 1950-åra heldt han 1. mai-preike i kyrkja, og seinare har han stått på mang ein talarstol og preikestol både som politikar, foredragshaldar og teolog. Det var karakteristisk for Furre at han aldri improviserte i talane – han var skriftleg førebudd på kvar minste detalj, samstundes som han var munnleg i stilen.

Furre har fått ei rekkje prisar, mellom andre Eilert Sundts Forskningspris 1972, Fagbokprisen 1992, Språkprisen 1993, Norges Bondelags jubileumspris for godt bondevit 1996, Fritt Ords pris 2003 og Storegutprisen 2003.

Kjelder

Olaf Almenningen m.fl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Gudleiv Forr: «Berge Furre», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Berge Furre og Ottar Grepstad (red.): Sant og visst. Artiklar, foredrag og preiker. Oslo 1997

Peikarar

Videointervju med Berge Furre, Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 19.01.2016