Hopp til innhold
Bergfrid Fjose
Bergfrid Fjose
Foto: Stortinget. Publisert etter avtale.
X
Innhald

Bergfrid Fjose

Bergfrid Fjose var ein fargerik politikar, folkeleg for mange og populær ut over partigrensa.

Bergfrid Fjose var fødd i Ullensvang i Hardanger 31. mars 1915 og døydde på Voss 13. mai 2004. Far hennar var Jon Mannsåker, folkehøgskulestyrar, venstremann og prest. Ho skaffa seg lærarutdanning i Oslo og studerte ei tid ved Menighetsfakultetet. Sidan verka ho som lærar fleire stader, både i Valdres, Kvam, Årdal, Fana og Voss. Bergfrid Fjose var kjend for eit sterkt sosialt engasjement, mellom anna for dei nedkøyrde i samfunnet. I abortspørsmålet markerte ho seg tydeleg, og ho la stor vekt på edruskapsspørsmål.
 
Ho var medlem av Kristeleg Folkeparti frå 1945 og kom med i kommunepolitikken alt frå 1950-åra. Ho sat på Stortinget i to periodar, 1969–1977. Frå 1972 var ho sosialminister i Lars Korvalds regjering. Ho fekk fleire offentlege verv også på nasjonalt plan, til dømes i Vinmonopolets råd, Det kriminalførebyggjande råd, Statens eldreråd, Statens attføringsinstitutt og Dagspresseutvalet.
 
Bergfrid Fjose hadde djupe røter i folkehøgskulen, målreisinga og bygdekulturen vestpå. Og ho var aktivt med i arbeidet for kyrkja og misjonen. På Stortinget var ho medlem av Løvebakken Mållag og Fråhaldsgruppa. Saman med ektefellen, presten Olav Fjose, var ho tidleg engasjert i motstandskampen under krigen og måtte røme frå landet.
 
Bergfrid Fjose hadde ein levande stil og eit folkeleg uttrykk i møte og på talarstolar. Ho hadde plass for smil og munter sjølvironi i innlegga sine – og sidan vart «fjosepose» eit innslag i folkespråket då Vinmonopolets grå innpakning vart vel synleg.
 
Kjelder
Olav Fjose: Bergfrid. Oslo 1988
Odd Sverre Hove: «Bergfrid Fjose», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001
Stortinget 8. juni 2004, minnetale ved president Jørgen Kosmo

Først publisert: 18.12.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013