Hopp til innhold
Carl Valentin Falsen. Teikning av Christian Olsen. Kjelde:  Oslo Museum CC BY SA 2.0
Carl Valentin Falsen. Teikning av Christian Olsen. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 2.0
X
Innhald

Carl Valentin Falsen

Carl Valentin Falsen var ein sentral eidsvollsmann i 1814.

Carl Valentin Falsen, 1787–1852, var son av Enevold de Falsen og jurist, embetsmann og politikar. Falsen var ein sentral eidsvollsmann i 1814, og han var også stortingspresident i fleire periodar. Dessutan skreiv han brevet til Christian Frederik 5. februar 1814 der kravet om norsk sjølvstende første gong vart reist. Carl Valentin Falsen var stortingsrepresentant i ei rekkje periodar mellom 1818 og 1848.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 02.02.2016