Hopp til innhold
Siluett av diktarpresten Claus Frimann.
Siluett av diktarpresten Claus Frimann.
X
Innhald

Claus Frimann

Claus Frimann, prest og diktar, skreiv populære folkelege dikt og viser med eit klart folkeopplysningspreg. Den folkekjære diktarpresten var òg ein dugande forretningsmann, med sterk økonomisk sans.

Claus Frimann var fødd i Selje 15. mai 1746 og døydde i Davik (no Bremanger kommune) 11. oktober 1829. Han voks opp i Selje i Nordfjord, der faren var sokneprest. Han blei student i 1762 og tok teologisk embetseksamen i 1768. I studietida var han huslærar hos presten Jørgen Meldal i Fana. Han blei assistent hos presten Hans Strøm i Volda i 1769 og var personalkapellan hos han i 1771–79. Han blei utnemnd til sokneprest i Davik Nordfjord i 1780 og tok avskil i 1822, etter meir enn 40 år i embetet. Frå 1800 var han òg prost i Nordfjord.

Frimann braut igjennom som diktar med diktet Fieldet Horneelen i Norge (1776). I ein konkurranse som Selskabet til de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmelse lyste ut, vann diktet førsteprisen i sjangeren «malende eller beskrivende Poesi». Han skildrar Hornelens «Skræksomhet» og samstundes korleis fjellet var eit landemerke for fiskarane og eit sentrum for dagleglivet til menneska som budde i distriktet. Den konkrete skildringa som pregar diktet, blei seinare karakteristisk for diktinga hans. Prestegjerninga og diktinga gjekk hand i hand hos diktarpresten Frimann. Han interesserte seg for folkeopplysning, og forfattarskapen hans var prega av det.

Norske Selskab

Frimann høyrde til krinsen kring Norske Selskab i København, som kom saman frå tidleg i 1770-åra. Han var ikkje med på å skipe selskapet, men vanka der då han oppheldt seg i København for å søkje embete i 1779–80. Det er mogleg å spore litterær innverknad frå selskapet i det han skreiv. Dei klassisistiske ideala prega òg diktinga hans, likeeins patriotismen og naturkjensla. To av dikta hans – Frideriksborgs Egn og Udsigten fra samme – opna Poetiske Samlinger, som selskapet gav ut i 1783. Etter denne tida hadde Frimann berre i liten grad kontakt med det litterære miljøet i København.

Folkeopplysar og opplysningsteolog

Interessa for folkeopplysning gjeld ikkje minst dei diktsamlingane som ettertida har rekna som dei viktigaste: Poetiske Arbeider (1788), Almuens Sanger (1790) og Den syngende Søemand (1793). I dikta syner han kjennskap og nærleik til kvardagslivet til kystfolket. Karakteristisk i så måte er diktet «Ondt ofte lider den fiskermand». I forordet til Allmuens Sanger formulerer han det som kan seiast å vere programmet for diktinga hans: «Hvad jeg bedst kjender, kan jeg bedst synge om.» Frimann freista å skrive enkelt og folkeleg, og dikta hans blei svært populære blant folk.

Teologisk utvikla Frimann seg i rasjonalistisk lei, noko ein kan sjå i den religiøse diktinga hans. I Sange over Evangelierne (1780) er ortodoksien sine dogme med, men i ei noko dempa form. Samanlikna med samlinga Nyeste originale Psalmer (1794), som var eit resultat av at Frimann blei invitert til å medverke i ei ny evangelisk-kristelig salmebok, er skilnaden tydeleg. I desse salmane er læra om arvesynda fråverande, og sakramenta blir omtalte i lite konkrete vendingar. Også den religiøse diktinga hans var knytt til menneska sine kvardagsliv. Til dømes gav han ut ei samling med hundre salmar for sjøfolk, Søe-Cabinet eller gudelig Haandbog for Søe-folk (1793).

Forretningsmann og prest

Gjennom arv og driftig forretningsverksemd arbeidde Frimann seg opp stor rikdom medan han var prest i Davik. Med tida blei han ein av dei mektigaste mennene i distriktet. Han hadde store inntekter frå fiskeri, og folk gav han difor tilnamnet «sildepresten». Han hadde ord på seg for å vere glad i pengar, og han forsvarte embetsrettane sine. Økonomiske konfliktar med bøndene kunne til tider gjere tilhøvet til kyrkjelyden vanskeleg. Samstundes la han i prestegjerninga vekt på opplysingsarbeid til beste for allmugen. I tråd med opplysningstida sitt ideal ville han vere folkelærar, og han hadde tru på at diktinga kunne verke opplysande og vekkjande på allmugen. Hovudinntrykket i det store og heile er at Frimann var høgt akta og omtykt som prest.

Vestlandets Petter Dass

Både som folkeleg og religiøs diktar har Frimann vore samanlikna med Petter Dass. Det høyrer med at han som gjenoppdaga diktinga til Petter Dass på 1800-talet, J.S. Welhaven, òg synte interesse for Frimanns lyrikk. I 1851 gav Welhaven ut eit Udvalg af Claus Frimanns Digte. Men salmar av Frimann kom ikkje med i Landstads kirkesalmebog (1870), og salmane hans har ikkje overlevd i salmelitteraturen. Av diktarane frå krinsen kring Norske Selskab er arbeida til Frimann like fullt blant dei som har halde seg lengst.

Kjelder

Harald Beyer og Edvard Beyer: Norsk litteraturhistorie. Oslo 1996

Liv Bliksrud: Den smilende makten. Norske Selskab i København og Johan Herman Wessel. Oslo 1999

Francis Bull: «Frimann, Claus», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 1929

Morten Moi: «Claus Frimann», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Ludvig Selmer: Oplysningsmenn i den Norske Kirke. Bergen 1923

Kaare Støylen: Claus Frimann. Almuens sanger 1746–1829. Bergen 1955

Daniel Thrap: Bidrag til den norske Kirkes Historie i det nittende Aarhundrede. Kristiania 1884

Solveig Øye: Fortolkning og sentimentalitet. Universitetet i Oslo 1998

Først publisert: 27.03.2017
Sist oppdatert: 31.07.2018