Hopp til innhold
X
Innhald

Elin Furubotn

Elin Furubotn, norsk artist og komponist som på rogalandsdialekt syng låtar som handlar om familierelasjonar og kvardagsliv.

Elin Furubotn er fødd 1. januar 1963 i Tydal i Sør-Trøndelag og bur no i Oslo. Etter Flekkefjord Gymnas (1979–82), tok ho sjukepleiarhøgskulen i Stavanger (1984–87). Ho har òg teke grunnfag og mellomfag i sjukepleievitskap (1998–2000) og drama ved lærarhøgskulen i Stavanger (2004–06). Sidan 1987 har Furubotn hatt ulike jobbar som sjukepleiar. Ho har også arbeidd som lærar ved Høgskolen i Stavanger. Sidan 2008 har ho vore musikar på heiltid.

I ungdomen var Furubotn med i gruppa Søstrene Furubotn, og ho danna Elin Furubotn Band i byrjinga av 1990-åra. Furubotn kom på tiandeplass i Melodi Grand Prix i 1994 med songen «Mor». I 1999 gav ho ut debutalbumet Tikk Takk. På albumet Å nærme seg det nære (2014) har ho med seg Stavanger Symfoniorkester. I 2017 kom Ikkje gå deg vill. Mange av låtane hennar, som «I det stille» (2009), «Slepp tvilen fri» (2012) og duetten med Morten Abel, «Så lett det kan ver» (2014), har vore mykje spela i norsk radio.

Musikken til Furubotn høyrer til visesjangeren, men det er òg mange element av populærmusikk i songane hennar. Tekstane er kvardagslege og handlar om det nære vi har omkring oss – familien og det daglege vi møter i nærmiljøet vårt. Furubotn syng på rogalandsdialekt.

For albumet Heilt Nye Vei fekk Furubotn den amerikanske prisen Indie Acoustic Project’s Best CD i 2012 for beste album i klassa rock. Prisen skal støtte opp under nyskapande artistar som lagar akustisk musikk.

 

Kjelder

E-post frå Elin Furubotn 19.6.2018

 

Elin Furubotn, biografi, rogalyd.no: http://rogalyd.no/artist/elin-furubotn [lesedato 1.6.2018]

Nettstaden til Elin Furubotn, elinfurubotn.no: https://www.elinfurubotn.no/ [lesedato 1.6.2018]

Først publisert: 18.03.2019
Sist oppdatert: 18.03.2019