Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Fossåskaret

Erik Fossåskaret, kultursosiolog med særleg kunnskap om stad, region, identitet og kulturelle endringsprosessar på Vestlandet, i Hardanger, Rogaland og Ryfylke.

Erik Fossåskaret var fødd 22. mai 1947 i Bergen og døydde 12. mai 2019 i Stavanger. Han vaks opp i Ålvik i Hardanger og tok examen artium ved Øystese statsrealskule og gymnas i 1966. 1974 oppnådde han graden cand.sociol. ved Universitetet i Oslo med hovudoppgåva «Lærarar og studentar hand i hand. Ein studie av administrasjonsordninga ved instituttet for sosiologi, Universitetet i Oslo.» Frå 1980 var Fossåskaret ved det som i dag er Universitetet i Stavanger.
Fossåskaret var ein aktiv forskar og formidlar gjennom tekstar i fagbøker, antologiar, tidsskrift, sogeskrift og årbøker. Han var òg ein viktig formidlar gjennom føredrags- og kåsørverksemd. I 2002 fekk han Stavanger Forums formidlingspris for denne verksemda.
Industribygda Ålvik var viktig i Fossåskaret sitt arbeid. Han var medforfattar av boka Ferrofolket ved fjorden (1999), som på den eine sida er Ålvik si industri- og kulturhistorie, på den andre sida er det nasjonal industri- og moderniseringshistorie. Boka analyserer samspelet mellom lokalsamfunnet og A/S Bjølvefossen. Fossåskaret meinte at dette samspelet har vore meir harmonisk enn mange andre stader fordi bedrifta tok breiare samfunnsansvar enn det som var vanleg. Bjølvefossen tok styring med korleis Ålvik utvikla seg, det handla både om overordna planarbeid, arkitektur, tannhelse og kulturaktivitetar.
I Vestlandets historie (2006) skreiv Fossåskaret kapitlet «Vestlandsamfunnet i dag». Saman med andre skreiv han òg grunnbøker om kvalitativ metode innanfor samfunnsvitskapane, ei av dei er Skapte virkeligheter. Kvalitativt orientert metode (2007). Fossåskaret analyserte mellom anna utfordringane ved å forske på lokalsamfunn der forskaren som privatperson også er aktør. Sjølv både forska han på Ålvik-samfunnet og var talsperson for det i konfliktar med Elkem-konsernet. Fossåskaret analyserte balansen mellom den unike tilgangen ein forskar kan få til eit samfunn han eller ho også er ein del av, og behovet forskaren har for distanse til forskingsobjektet.
Fossåskaret var medlem i ulike utval under Noregs forskingsråd og Norsk kulturråd.
Kjelder
E-post frå Fossåskaret 15.03.2010
«Demokratisk paternalisme», intervju i Klassekampen 08.09.2009

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 20.05.2019