Hopp til innhold
Foto: Kenneth Sortland Myklebust/ Raudt
Foto: Kenneth Sortland Myklebust/ Raudt
X
Innhald

Erling Folkvord

Erling Folkvord, politikar for partiet Raudt. Han er den einaste som har representert det tidlegare partiet Raud Valallianse (RV) på Stortinget. Gjennom eit sterkt engasjement har han oppnådd å verte høgt respektert også av mange politiske meiningsmotstandarar.

Folkvord er fødd 15. juni 1949 i Levanger. Han har utdanning som sosionom ved Sosialskolen i Trondheim frå 1974 og arbeidde som sosialfullmektig i Oslo 1974–77, som verneassistent 1977–88 og seinare som miljøarbeidar.

Han har vore politisk aktiv på venstresida sidan 1960-åra og gjekk med i ml-rørsla frå starten i 1972. Frå 1990 til 1997 var han nestleiar i Arbeidernes Kommunistparti (AKP). I 1984–85 og frå 1999 til 2015 var han bystyremedlem i Oslo for Raudt (tidlegare RV), stortingsrepresentant 1993–97. Folkvord sitt engasjement spenner breitt radikalt. Han har ikkje minst vore oppteken av å avsløre korrupsjon og maktmisbruk, noko han tok opp i boka Rapport frå rottereiret (1990). I 2003–05 var han leiar for Organisasjonen mot politisk overvaking (OPO). Han har skrive og redigert ei rekkje politiske bøker og hefte og er ein flittig skribent i ulike aviser.

Peikarar

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 17.06.2019