Hopp til innhold
X
Innhald

Feidias

Feidias (latin Phidias), var gresk bilethoggar og den mest kjende kunstnaren i antikken.

Feidias leidde frå ca. 450 f.Kr. utsmykkinga av Parthenon på Akropolis i Athen. Gavlgrupper, metopar og ei frise frå tempelet er delvis bevarte i Athen og London. Han utførte også kolossalstatuen av gudinna Athene til Parthenon, i gull og elfenbein, og den tilsvarande statuen av Zevs i Olympia, men begge har gått tapt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016