Hopp til innhold
X
Innhald

Fibonacci

Fibonacci, 1175–1225, italiensk matematikar som òg vert kalla Leonardo av Pisa. Han er først og fremst kjend for at han i hovudverket Liber abaci (1202) laga ei matematisk skildring av korleis talet på kaninar veks frå månad til månad, dei såkalla fibonaccitala, ei uendeleg talfølgje av heile tal, 1, 1, 2, 3, 5, 8, 13, 21, ..., der kvart element er danna som summen av dei to føregåande elementa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012