Hopp til innhold
X
Innhald

Francisco Franco

Francisco Franco var øvste leiar i Spania frå 1939 til han døydde i 1975. Franco og tilhengjarane hans vann den spanske borgarkrigen (1936–39), og han styrte landet dei neste tiåra som eit diktatur. Franco vekkjer framleis sterk strid i Spania, lenge etter at han er død.

Francisco Franco var fødd i 1892 og tok militær utdanning. Han gjekk gradane og vart i 1926 utnemnd til general, som den yngste i Europa sidan Napoleon. Han støtta lojalt opp om dei ulike høgreorienterte regjeringane i heimlandet i 1920-åra, og i 1934 slo han ned eit opprør blant gruvearbeidarar i provinsen Asturia. Den venstreorienterte Folkefronten, som kom til makta i 1936, såg Franco som ein farleg fiende og utstasjonerte han på dei fjerntliggjande Kanariøyane.

Sommaren 1936, i ein periode med økonomisk krise og sosial uro i Spania, gjorde to generalar militærkupp, og med dette starta den spanske borgarkrigen. Franco kom med etter kvart, og han vart utpeika til overgeneral («generalísimo») og statsleiar. Han støtta seg på Falangen, ei nasjonalkonservativ, fascistisk rørsle tett knytt til den katolske kyrkja. Falangen vart etter kvart det einaste lovlege partiet i landet. Under borgarkrigen fekk Franco støtte frå Tyskland og Italia, men under andre verdskrigen heldt han Spania nøytralt.

Etter andre verdskrigen var Spania isolert, men den kalde krigen skapte eit godt forhold til USA, som såg landet som ein viktig alliert i kampen mot kommunismen. I 1950-åra vart det gjennomført ei rekkje reformer, som leidde til økonomisk vekst. Frå slutten av 1960-åra fekk styresettet eit noko større innslag av demokrati, med mellom anna større pressefridom. Franco satsa på monarkiet og utpeika Juan Carlos til framtidig konge.

Franco verkar framleis svært splittande på den spanske nasjonen, lenge etter at han er død. I 2018 bestemte den sosialistiske regjeringa at leivningane hans skulle gravast opp og flyttast frå den storslagne gravstaden «Dei falne sin dal», noko som vart massivt kritisert av høgresida. Regjeringa ville òg opprette ein sanningskommisjon for å granske overgrepa som vart gjorde under diktaturet, og opne massegraver frå borgarkrigen.

Kjelder

Antony Beevor: Kampen om Spania. Den spanske borgerkrig 1936–1939. Oslo 2009

Finn Fuglestad: Spanias og Portugals historie. En oversikt. Oslo 2009

Björn Hallström: Uten pass i Franco-Spania. Oslo 1947

Paul Preston: Franco. A biography. London 1993

Paul Preston: The Spanish Holocaust. Inquisition and Extermination in Twentieth-Century Spain. London 2012

Peikarar

Bernt Hagtvet: «80 år siden Franco beseiret det spanske demokratiet: Den spanske årelatingen», aftenposten.no https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/1no1qM/80-aar-siden-franco-beseiret-det-spanske-demokratiet-den-spanske-aarelatingen-bernt-hagtvet

Laila Ø. Bakken, Espen Alnes og Erlend Kinn: «Francos kiste flyttet», nrk.no https://www.nrk.no/urix/francos-kiste-flyttet-1.14754570 

Louie Dean Valencia-Garcia: «The memory of Generalissimo Francisco Franco is still alive», opendemocracy.net https://www.opendemocracy.net/en/countering-radical-right/memory-generalisimo-francisco-franco-still-alive/

Først publisert: 28.11.2019
Sist oppdatert: 28.11.2019