Hopp til innhold
X
Innhald

Freddy Fjellheim

Freddy Fjellheim er forfattar og litteraturkritikar. Både som kritikar og forfattar har Fjellheim vore oppteken av miljøproblematikk og økologi.

Freddy Fjellheim, fødd i 1957, er forfattar og litteraturkritikar. Han debuterte med 1. Olsens Bok i 1983, som vart gitt ut anonymt. Vidare har han mellom anna skrive diktsamlinga Scherzo (1987), essaysamlinga Plexus (1993), folkelivsskildringa Rov (1995), diktsamlinga Ljåens svarte blomst (1999), essay- og historiesamlinga Føniks (2001), diktsamlingane Kristus kommer og Maria (2003) og Hvile og slagverk (2004), romanen Bjarte Engers livegenskap (2007) og diktsamlinga Mennesket har korsets form (2009). Både som kritikar og forfattar har Fjellheim vore oppteken av miljøproblematikk og økologi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.04.2016
Sist oppdatert: 27.04.2016