Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Grete Faremo

Grete Faremo, jurist, har vore statsråd i fire departement i regjeringane til Brundtland III, Jagland og Stoltenberg II.

Grete Faremo er fødd 16. juni 1955 i Arendal og voks opp i Bygland i Aust-Agder. Ho gjekk på Hornnes gymnas i 1970–73 og blei cand.jur. med folkerett som spesialfag ved Universitetet i Oslo i 1978. Faremo arbeidde som juridisk saksbehandlar i finansdepartementet i 1979–80, saksbehandlar i NORAD i 1980–84 og byråsjef i departementet for utviklingshjelp i 1984–86. Ho var forhandlingsleiar i Aker Eiendom i 1986–88, kulturdirektør ved Theatrium på Aker Brygge i 1988–89 og direktør i Norsk Arbeiderpresse i 1990–97. I 1990–96 var ho bistands- og seinare justisminister i Brundtland si tredje regjering. I 1997–2003 var ho direktør og seinare konserndirektør i Storebrand, i 2004–08 direktør i Microsoft for jus og samfunnskontakt i Vest-Europa og partnar i Rådgiverne LOS. 1 2009 blei ho forsvarsminister i Stoltenberg si andre regjering og justis- og beredskapsminister frå 2011.
Faremo var leiar av AUFs kulturutval i 1982–84 og medlem av det internasjonale utvalet til AUF i 1984–85. Ho var varamedlem for Arbeidarpartiet i Oslo bystyre i 1987–91 og medlem av styret for Oslo Ap i 1990–92.
Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo i 1993–97 og sat i energi- og miljøkomiteen. Faremo var bistandsminister i 1990–92 og justisminister i 1992–96 i Brundtlandregjeringa, og i ein liten periode hausten 1996 var ho olje- og energiminister i Jaglandregjeringa. Ho gjorde comeback i den andre regjeringa til Stoltenberg i 2009, først som forsvarsmininister og deretter som justis- og beredskapsminister 2011–2013.
Som bistandsminister arbeidde ho med å få til eit tettare samband mellom Noreg og internasjonale organisasjonar og eit betre system for overføring av bistand. Rettstryggleik for den enkelte borgaren har vore viktig, og ho var tydeleg i asylpolitikken som justisminister. Faremo gjekk av som justisminister i desember 1996 etter avsløringar om at Berge Furre hadde vore under etterforsking av Politiets overvakingsteneste (POT) då han sat i Lund-kommisjonen. Ho sat på Stortinget ut perioden, men trekte seg ut av aktiv politikk frå 1997 og fram til ho blei forsvarsminister i 2009. Som forsvarsmininister hadde ho mellom anna ansvar for den norske innsatsen i Libya. Ho er ein erfaren, trygg og lojal politikar med stort truverde internt, og ho har høg integritet og kompetanse både som politikar og i det private næringslivet.
Faremo har hatt ei lang rekkje administrative verv og tillitsverv, mellom anna ulike verv i Det norske Samlaget, styremedlem i Saga Petroleum i 1997–99, PLAN Norge i 2000–03, Elkem i 2002–05 og Schibsted i 2004–06. Ho var medlem av styret for ISF (Institutt for samfunnsforsking) i 2001–04, styreleiar i Norsk Folkehjelp i 2003–07 og nestleiar i Norsk Hydro i 2006–09.
Kjelder
Grete Faremo, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=GREF [lesedato 7.4.2013]
«Justis- og beredskapsminister Grete Faremo», regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dep/justisminister-grete-faremo.html?id=662979 [lesedato 7.4.2013]
Peikarar
«Grete Faremos revansj», nrk.no

Først publisert: 10.09.2013
Sist oppdatert: 17.08.2015