Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Flikke

Gunnar Bård Flikke, journalist og sjefredaktør i Adresseavisa i 18 år, mellom 1988 og 2006. Han har arbeidd for avisa i meir enn 40 år.

Gunnar Flikke er fødd 3. november 1947 i Steinkjer i Nord-Trøndelag. Han tok vidaregåande skule i 1963–66, og han har studert samfunnsfag, etnologi og folkeminne ved Universitetet i Bergen og ved NTNU.

Flikke var først frilansar i Trønder-Avisa frå slutten av 1960-åra ved sida av studia. Deretter arbeidde han i Morgenavisen og som programskapar i NRK, før han blei tilsett som journalist i Adresseavisa (1970–71) og så redaksjonssekretær (1974–87). Han var redaktør for vekebladet NÅ i 1988, men blei henta tilbake til Adresseavisa som redaktør (1988–2006). Fram til 1997 delte han redaktøransvaret med Kjell Einar Amdahl. Sidan 2006 har han vore strategisk rådgivar for styret i avisa i ei fri stilling og har fleire ulike styreverv.

Der har skjedd store endringar i Flikke si tid i Adresseavisa. Frå å vere papiravis i fullformat, gjekk avisa over til tabloidformat i 2006, og Adresseavisa er blitt eit mediehus som no publiserer i papiravis, nettavis, radio og fjernsyn. Flikke var pådrivar for endringane og ein markant, omtalt og profilert redaktør med sterke meiningar i kontroversielle saker. Han var engasjert i det daglege nyhendebiletet og kva for saker avisa skulle meine noko om.

Gunnar Flikke har hatt mange styreverv, mellom anna har han vore nestleiar i Norsk Redaktørforening, sekretær for Norges Presseforbund og medieutvalet i Norsk Journalistlag. Han var nestleiar i 2008–11 og sidan styreleiar for Trondheim Symfoniorkester, og han var styremedlem i NRK i 2010–14. Flikke er òg styremedlem i Brønnøysunds Avis frå 2014 og Fosna-Folket frå 2015. Han sit i styret for Byscenen, er med i Ringve Museums venner og er sekretær i Selskabet for Trondhjems Bys Vel.

Kjelder

Adresseavisen: «Trondheim nest mektigste: Gunnar Flikke», adressa.no: http://www.adressa.no/nysheter/trondheim/article50838.ece [lesedato 20.2.2017]

Kai Kristiansen og Gunnar Okstad: «Gunnar Flikke går av», adressa.no: http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article754769.ece [lesedato 20.2.2017]

Peikarar

Anders Revdal og Ingrid Lindgaard Stranden: «Fra Adresseavisen til NRK», nrk.no 

Næringslivsavisa: «Gunnar Flikke har ingen planer om å trappe ned», naeringslivsavisa.no .

Miriam Sandum Næss: «Ute av NRK-styret», banett.no 

Først publisert: 25.07.2017
Sist oppdatert: 25.07.2017