Håkon Fimland var lærar, idrettsutøvar, politikar og kulturarbeidar. Han var den fremste hekkeløparen i Noreg på 1970-talet.
Håkon Fimland
Faktaboks
- Fødd
- 8. mars 1942, Naustdal (no Sunnfjord), Vestland
- Død
- 24. juli 2016, Førde (no Sunnfjord), Vestland
Hekkeløpar
Fimland var den fremste hekkeløparen i Noreg på 1970-talet. Han vart norsk meister på 110 meter hekk seks år på rad frå 1971 til 1976. Han var også med i EM i friidrett i 1969 og 1971 og kom då til semifinalen.
I EM i München i 1971 sprang han på tida 14,26, som er hans personlege rekord. I 1972 vart han skada og kunne ikkje delta i OL i München.
Han representerte klubbane Tambarskjelvar IL og IL Gular.
Yrkeskarriere
Verv
Fimland var nestleiar i Norges Friidrettsforbund i 1987–1991 og visepresident i 1989–1991. Han var medlem av Norsk kulturråd i åtte år, frå 1985 til 1992. Fimland var medlem av Senterpartiet, og var folkevald først i Bergen og sidan i Førde kommune.
Håkon Fimland fekk Norges Friidrettsforbund sin gullmedalje i 1975. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 2009 og Førde kommune sin kulturpris i 2015.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.