Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Fimland

Håkon Fimland, lærar, idrettsutøvar, politikar og kulturarbeidar.

Fimland var fødd 8. mars 1942 i Naustdal og døydde i Førde 24. juli 2016. Håkon Fimland var busett i Førde. Her arbeidde han først som kultursjef, seinare som kommunalsjef for kultur, forvaltning, drift og vedlikehald. Han engasjerte seg mellom anna for ein eigen målbruksplan for Førde kommune.

Som hekkeløpar står Fimland blant dei fremste i Noreg gjennom tidene. Han vart norsk meister på 110 m hekk seks år på rad frå 1971 til 1976. Han var også med i EM i friidrett i 1969 og 1971 og kom då til semifinalen. Fimland var nestleiar i Norges Friidrettsforbund 1987–91. Han har dessutan vore medlem av Norsk kulturråd i åtte år.

Fimland var medlem av Senterpartiet, og har vore folkevald i både Bergen og Førde kommunar.

Håkon Fimland (t.v.) tok mange NM-titlar på 110 meter hekk, ofte i tett kniving med Kjellfred Weum frå Luster (t.h.) Biletet er frå ein landskamp mot Belgia, Nederland og Luxembourg. Foto: Knut Edvard Holm, utlånt av Håkon Fimland. 

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018