Hopp til innhold
X
Innhald

Halvdan Freihow

Halvdan Wexelsen Freihow, prest og ungdomslagsleiar.

Freihow blei fødd i Tana 22. november 1883 og døydde 20. desember 1965. personleg kapellan hos Christopher Bruun i Johannes kyrkjelyd i Oslo i eitt år, seinare sokneprest blant anna i Rauland, Vinje, Inderøy og Bergen, før han i 1950 blei prost i Skien bispedøme.
 
I 1937 blei han dr.philos. med avhandlinga Henrik Ibsens ”Brand”. Litterær-psykologisk studie.
 
Han var formann i Noregs Ungdomslag 1925–36 og førte ein tydeleg profil under den tyske okkupasjonen.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 02.05.2013