Hopp til innhold
Halvor Floden. Foto: Dagfinn Grønosen, Glomdalsmuseet, Anno museum. Delt under lissensen  CC BY-NC-ND. Fri ikkje-kommersiell gjenbruk mot namngiving.
Halvor Floden. Foto: Dagfinn Grønosen, Glomdalsmuseet, Anno museum. Delt under lissensen CC BY-NC-ND. Fri ikkje-kommersiell gjenbruk mot namngiving.
X
Innhald

Halvor Floden

Halvor Floden, forfattar og lærar. Han skreiv nokre av dei mest realistiske og gripande klassikarane i norsk barnelitteratur.

Floden blei fødd i Trysil 22. juli 1884 og døydde 3. desember 1956. Etter eksamen frå Elverum lærarskule i 1905 arbeidde han som lærar i Elverum 1905–49, samstudnes som han dreiv gard der.
 
Han debuterte med barneboka Brør og halvbrør (1911). Seinare gav han ut 29 bøker; mest og best skreiv han for barn og unge. med heile 24 barneøker er han saman med Sigrun Okkenhaug ein av dei som skreiv mest for barn. Bøker som Fagerlia (1915), Frik med fela (1917) og Kari Trestakk (1922) høyrer til klassikarane i nynorsk litteratur. Då prinsesse Märtha Louise i 1992 opna Dei nynorske festspela, vigde ho opningstalen sin nettopp til dei  lesaropplevingane Flodens barnebøker hadde gitt henne.

Floden skreiv i barneboktradisjonen etter Per Sivle og Rasmus Løland. Han skriv i barnehøgd, og ofte er det barna som tek ansvar og ryddar opp. 

 
Floden hadde statens kunstnarløn frå 1950 og var formann i Norsk Bokmannslag 1930–48.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

Vidare lesing
Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974
NBL 2. utg.
Ei bok om Halvor Floden (Årbok for Glåmdalen, årg. 43, 1984. Halvor Floden-bibliografi: 81-102)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 07.08.2009
Sist oppdatert: 07.02.2018