Hopp til innhold
Foto: Senterpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0
Foto: Senterpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0
X
Innhald

Halvor Fosli

Halvor Fosli, forfattar og redaktør som har markert seg i norsk skriftkultur dei siste to tiåra, både gjennom eigne tekstar og som forleggjar.

Fosli er fødd i Dalen i Telemark 30. august 1961. Han debuterte som forfattar med den kulturhistoriske og sosiologiske studien Kristianiabohemen. Byen, miljøet, menneska i 1994, som er ein revidert versjon av magisteravhandlinga hans i sosiologi frå 1992. Denne boka gir ei fyldig framstilling av den bohemkrinsen som voks fram i Kristiania i 1880-åra, der Hans Jæger var den sentrale figuren.
I tillegg til fleire spørjebøker har Fosli gitt ut Kvite kull og svarte får. Ingeniørar i norsk skjønnlitteratur (1996) og Ute på prøve. Artiklar og tekstar 1988–1995 (1996). Den sistenemnde inneheld mellom anna tekstar frå tida hans som journalist i Dag og Tid. Han starta i 1995 forlaget ExLex, som mellom anna gav ut «Absolutt-serien», med parodiar på kjende forfattarar og sjangrar.
Fosli var redaktør for Prosa, tidsskriftet til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, i perioden 2000–2005. Han vart tilsett som redaktør i Kagge forlag i 2006 og var forlagsredaktør i Aschehoug 2008–10. I 2011 var han politisk rådgjevar for Senterpartiet og i 2012 arbeidde han med kjeldeundersøkingar til aktualitetsprogrammet Harde fakta på TV2. Som forleggjar har han vore ansvarleg for omtalte bøker om Mia Gundersen og Siv Jensen og av Amal Aden, Erik Schjenken, Ingunn Yssen og Karita Bekkemellem. Fosli nyttar begge målformer.
Kjelder
Cathrine Sandnes: «Mannen som vil redde nynorsken», Dagsavisen 28.12.2003

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 22.01.2016