Håvard Flo, tidlegare profesjonell fotballspelar frå Stryn, no sportsleg leiar for Sogndal IL. Flo var ein angrepsspelar med styrke i hovudspelet. Han medverka sterkt på landslaget under fotball-VM i 1998.
Håvard Flo vart fødd 4.april 1970 i Stryn og bur i dag i Sogndal. Han starta fotballkarrieren i Stryn IL. Flo var ein lovande alpinist i ung alder, og starta ikkje å spele fotball før i 11-årsalderen. Han kom til Sogndal i 1990 og gjekk til AGF Aarhus i 1994. Etter eit profftilvære som også omfatta Werder Bremen og Wolverhampton Wanderers, vende han tilbake til Sogndal i 2001. Flo la opp i 2008, og gjekk over til ei administrativ stilling i klubben. Flo fekk 26 landskampar og skåra sju mål for Noreg.
Profftilvære
Flo skreiv under for AGF Aarhus i 1994 og vart fort ein publikumsyndling. I Danmark vann han cupen i 1996 og fekk sølv og bronse i serien. I 2008 vart han kåra til tidenes beste angripar i AGF av supporterane.
Etter suksessen i Danmark gjekk vegen vidare til spel i den tyske Bundesligaen for Werder Bremen. Flo vann den tyske cupen i 1999 og var med på å slå ut Brann av UEFA-cupen same året.
Etter tre år i Tyskland reiste Flo til England og Wolverhampton Wanderers. På grunn av lite speletid gjekk Flo gratis tilbake til Sogndal sommaren 2001.
Sogndal
Flo spelte i Sogndal frå 1990-94 og kom attende til klubben sommaren 2001. Håvard skåra åtte gonger på 11 kampar den hausten, og bidrog sterkt til at Sogndal greidde seg i Tippeligaen med god margin.
Sesongen 2004 rykte Håvard Flo og Sogndal ned til 1.divisjon. Klubben var spådd å rykke rett opp att, men var aldri i nærleiken i dei påfølgjande sesongane.
Flo melde før 2008-sesongen at den kom til å verte hans siste. Han ville heller konsentrere seg om dei administrative oppgåvene klubben hadde gjeve han. I 2010 gjorde 40-åringen eit overraskande comeback, og var delaktig i sesongen som slutta med opprykk til Tippeligaen. Han la opp etter 2010-sesongen.
Håvard Flo er rekna som ein klubblegende i Sogndal, der han har spelt over 400 kampar og scora 159 mål.
Sidan 2010 har han vore sportsleg leiar i klubben.
Kjelder
Inge Fænn og Odd Myklebust: Flo United. Oslo 1999
Nettstaden til RSSSF Norway, norsk fotballstatistikk,
www.rsssf.no [lesedato 7.2.2011]
Først publisert: 20.09.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018