Hopp til innhold
X
Innhald

Helga Flatland

Helga Flatland, forfattar som har fått prisar for ungdomsromanane sine om unge norske soldatar i krig i Afghanistan.

Helga Flatland er fødd 16. september 1984 i Flatdal i Telemark. Ho bur i Oslo. Etter å ha fullført Skien videregående skole (2000–03), tok ho bachelorgraden i nordisk språk og litteratur ved Universitet i Oslo (2003–06). Frå 2006 til 2009 gjekk ho tekstforfattarlinja ved tidlegare Westerdals School of Communication. Etter ferdig utdanning har Flatland ved sidan av forfattaryrket arbeidd som journalist i Vest-Telemark Blad, i NRK Østafjells og i TV-produksjonsselskapet Monster (2009–12). Sidan 2012 har ho vore fulltidsforfattar.

I 2010 debuterte Flatland som forfattar med ungdomsromanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Det er den første boka i ein trilogi, der Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011) og Det finnes ingen helhet (2013) er dei to andre. Flatland har òg gitt ut vaksenromanane Vingebelastning (2015) og En moderne familie (2017). Barneboka Eline får besøk kom i 2015.

Flatland fekk mykje merksemd for Bli hvis du kan-trilogien. Her spør ho om kva rolle familie, vener og tilfeldige hendingar har for dei vala vi tek. Historiene om ungdomane som blir drepne i Afghanistan, er òg oppvekstromanar som handlar om å erkjenne kva som skal til for å overleve i ei krevjande ungdomstid. Kapitla og forteljarstemmene i trilogien vekslar mellom å vere på bokmål og nynorsk.

I romanen Vingebelastning skriv Flatand om korleis krava våre til sjølvrealisering kan vere skadeleg for eit menneske og at lukkejaget øydelegg forholdet til dei vi er glade i. I En moderne familie skildrar ho korleis ein skilsmisse endrar relasjonane i ein familie.  

For Bli hvis du kan. Reis hvis du må, fekk Helga Flatland i 2010 Tarjei Vesaas' debutantpris og Ungdommens kritikarpris. I 2015 fekk ho Amalie Skram-prisen. For En moderne familie fekk ho Bokhandlerprisen i 2017. 

Kjelder

E-post frå Helga Flatland 5.12.2016

Helga Flatland, forfattarside, aschehoug.no: https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Helga_Flatland [lesedato 3.12.2016]

Peikarar

Nora Campbell: «Intervju med Helga Flatland», aschehoug.no

Først publisert: 27.03.2017
Sist oppdatert: 13.02.2018