Faktaboks

Ingemund Fænn
Fødd
18. september 1907, Stryn, Vestland
Død
19. juni 1987, Bergen, Vestland
Framsida av Fjordingen 16. september 1977, med bilete av dåverande sjefredaktør Fænn.

Ingemund Fænn var ein norsk pressemann og lokalpolitikar. Han byrja som redaktør i avisa Fjordingen i Stryn og vart den siste «Venstre-redaktøren» i Bergens Tidende.

Bakgrunn

Ingemund Fænn var fødd i Stryn i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium ved Firda Gymnas.

Journalistikk

I 1928 byrja han som journalist i den nyskipa avisa Innfjordingen. I 1929 gjekk avisa konkurs og straks stod fram på nytt som Fjordingen, med Fænn som ein av to redaktørar. I 1936 tok han til som journalist i Bergens Tidende. Frå 1946 var han redaktør ved Oslo-kontoret, og frå 1956 til 1977 var han sjefredaktør.

Med Fænn som redaktør i over 20 år hadde Bergens Tidende sterk framgang. Opplaget auka frå 55 000 til 82 000. Avisa var lenge ei Venstre-avis. Då Venstre vart kløyvd i 1972, vart ho partipolitisk uavhengig. V-en vart fjerna i Norsk Aviskatalog alt i 1973, men formelt vart sjølvstendet vedtaksfesta i 1978. Fænn var såleis den siste «Venstre-redaktøren» i avisa.

Liksom tidlegare sjefredaktørar, og liksom skiparen av Bergens Tidende, Johan Wilhelm Eide, var Fænn medlem i Vestmannalaget, som stod for ein konservativ nynorsk. Heilt til rundt 1970 var i-mål husnorma for førstesidestoff og leiarar på nynorsk, slik det òg hadde vore før hans tid.

Andre verv og engasjement

Fænn hadde mange verv i presseorgan, mellom anna leiar i Stortingets Presselosje, i Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening og Norges Venstrepresselag. I over 20 år sat han i styret for Norsk Telegrambyrå, der han i perioden 1972–1977 var styreleiar. Han var medlem av bystyret i Bergen og hadde tillitsverv i bygdelagsorganisasjonar i byen. Han sat òg i styret for Haukeland universitetssjukehus. Under andre verdskrigen var Fænn med i leiinga i Sivorg på Vestlandet, den sivile delen av Heimefronten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
  • Einar Eriksen ofl. (red.): År i forandring. En kavalkade over de siste 25 år i Bergen Tidendes historie. Bergen 1992
  • Kåre Fasting: Hundre års kavalkade. Bergens Tidende 1868–1968. Bergen 1967
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Norsk presses historie 1660–2010, bd. 3 og 4. Oslo 2010
  • Pressefolk. Institutt for Journalistikk. Oslo 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg