Hopp til innhold
Ingemunn Fænn
Ingemunn Fænn
X
Innhald

Ingemund Fænn

Ingemund Fænn, pressemann og lokalpolitikar. Han byrja som redaktør i avisa Fjordingen i Stryn og vart den siste «Venstre-redaktøren» i Bergens Tidende.

Ingemund Fænn var fødd i Stryn 18. september 1907 og døydde i Bergen 19. juni 1987. Etter examen artium ved Firda Gymnas byrja han i 1928 som journalist i den nyskipa avisa Innfjordingen, som i 1929 gjekk konkurs og straks stod fram på nytt som Fjordingen, med Fænn som ein av to redaktørar. I 1936 tok han til som journalist i Bergens Tidende. Frå 1946 var han redaktør ved Oslo-kontoret, og frå 1956 til 1977 var han sjefredaktør.
Med Fænn som redaktør i over 20 år hadde Bergens Tidende sterk framgang. Opplaget auka frå 55 000 til 82 000. Avisa var lenge ei Venstre-avis. Då Venstre vart kløyvd i 1972, vart ho partipolitisk uavhengig. V-en vart fjerna i Norsk Aviskatalog alt i 1973, men formelt vart sjølvstendet vedtaksfesta i 1978. Fænn var såleis den siste «Venstre-redaktøren» i avisa.
Liksom tidlegare sjefredaktørar, og liksom skiparen av Bergens Tidende, Johan Wilhelm Eide, var Fænn medlem i Vestmannalaget, som stod for ein konservativ nynorsk. Heilt til rundt 1970 var i-mål husnorma for førstesidestoff og leiarar på nynorsk, slik det òg hadde vore før hans tid.
Fænn hadde mange verv i presseorgan, mellom anna i Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening og Norges Venstrepresselag. I over 20 år sat han i styret for Norsk Telegrambyrå, og i perioden 1972–77 var han styreleiar. Han var medlem av bystyret i Bergen og hadde tillitsverv i bygdelagsorganisasjonar i byen. Under krigen var han med i leiinga i Sivorg på Vestlandet, den sivile delen av Heimefronten.
Kjelder
Olav Garvik, telefonsamtale 18.3.2011
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Einar Eriksen ofl. (red.): År i forandring. En kavalkade over de siste 25 år i Bergen Tidendes historie. Bergen 1992
Kåre Fasting: Hundre års kavalkade. Bergens Tidende 1868–1968. Bergen 1967
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år (kapitlet «'Tvillingane' Bergens Tidende og Vestmannalaget»). Bergen 1978
Ole Johan Nilsen: «Ingemund Fænn», nekrolog, Aftenposten 20.6.1987
Norsk presses historie 1660–2010, bd. 3 og 4. Oslo 2010
Pressefolk. Institutt for Journalistikk. Oslo 1979
K.R. [Kjartan Rødland]: «Ingem. Fænn 70 år», Bergens Tidende 16.9.1977
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973

Først publisert: 25.10.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018