Hopp til innhold
Foto: Utanriksdepartementet/ Fotograf Sjøwall
Foto: Utanriksdepartementet/ Fotograf Sjøwall
X
Innhald

Ingrid Fiskaa

Ingrid Fiskaa, lektor og politikar for Sosialistisk Venstreparti, tidlegare leiar av Sosialistisk Ungdom og statssekretær i Utanriksdepartementet.

Ingrid Fiskaa er fødd 16. april 1977 på Ringerike og er oppvaksen og busett på Bryne i Rogaland. Ho gjekk på musikklinja ved Lundehaugen videregående skole i 1993–96 og er utdanna lektor med mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo i 2009. Mastergradsoppgåva skreiv ho om Lofthus-opprøret. I tillegg til historie har ho òg litteraturvitskap, norsk og praktisk pedagogikk i fagkrinsen.

Hausten 2009 vart ho utnemnd til statssekretær for utviklingssaker i Utanriksdepartementet, under utviklingsminister Erik Solheim (SV). Ho valde å gå av som statssekretær samtidig med at Solheim måtte gå av som statsråd i mars 2012. Etter det byrja ho å arbeide som lærar ved Hellerud videregående skole i Oslo.
Dåverande statssekretær for utviklingssaker i Utanriksdepartementet, Ingrid Fiskaa, i UN i 2010. Foto: Norway UN, Flickr.com CC BY-ND
Dåverande statssekretær for utviklingssaker i Utanriksdepartementet, Ingrid Fiskaa, i UN i 2010. Foto: Norway UN, Flickr.com CC BY-ND
Fiskaa var organisasjonssekretær i Sosialistisk Ungdom (SU) frå 1999 til 2002 og leiar i organisasjonen frå 2002 til 2004. Ho har òg vore medlem av sentralstyret i Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 2003. Frå 1997 til 2005 og i perioden 2009–13 var ho første vararepresentant for Rogaland på Stortinget. I 2007 kjempa ho mot Bård Vegar Solhjell om verte ny nestleiar i partiet, men tapte med knapp margin.
Fiskaa høyrer til venstresida i SV.

Fiskaa var leiar for Fredsinitiativet i 2005, ein organisasjon som vart skipa i 2003 i protest mot krigen i Irak. Sidan 2004 har ho vore styremedlem i Attac Noreg. Ho er òg engasjert i målsaka, og er styremedlem i Noregs Mållag. Fiskaa er nynorskbrukar.

Kjelder
E-post frå Ingrid Fiskaa 2.2.2014 og 1.5.2016
Tom Hetland: «Nå likar ho SV betre», Stavanger Aftenblad 18.3.2013
Marie Melgård: «Eg ønskjer ikkje lenger å støtta SU økonomisk, og vil med dette stoppa det månadlege trekket på 500 kr. Avgjerda er politisk og ikkje økonomisk motivert», Aftenposten Morgen 22.2.2013
Peikarar
Ingrid Fiskaa: «Statsmakta og Lofthusreisinga. Styresmaktene si handtering av allmugereisinga i Nedenes og Bratsberg 1786–87». Masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo 2009

Først publisert: 08.07.2014
Sist oppdatert: 07.09.2017