Hopp til innhold
Jack Fjeldstad i 1958. Foto: Rigmor Dahl. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.RD2609a. CC BY-SA 4.0.
Jack Fjeldstad i 1958. Foto: Rigmor Dahl. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.RD2609a. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Jack Fjeldstad

Jack Fjeldstad, skodespelar og regissør. Gjennom fleire tiår på 1900-talet var han ein av dei fremste profilane innanfor norsk scenekunst og film. Han er særleg kjend for rolla i filmen Ni liv, frå 1957.

Jack Fjeldstad var fødd 24. mars 1915 i Kristiania og døydde 4. september 2000. Han vaks opp i eit arbeidarstrøk på Lilleaker og vart tidleg interessert i scenekunst. Fjeldstad spela i den lokale Lilleaker-revyen som 16-åring, og seinare, medan han arbeidde på Skabo jernbanevognfabrikk, kom han inn i arbeidarungdomslaget «Frihet». Der møtte han Olav Dalgard og Gunvor Sartz, som dreiv teatergruppa «Tramgjengen». Fjeldstad filmdebuterte i Jeg er ung (1934) og fekk seinare roller i fleire av Dalgard sine arbeidarfilmar frå slutten av 1930-åra: By og land, hand i hand (1937), Det drønner gjennom dalen (1938), Lenkene brytes (1938) og Gryr i Norden (1939).

Fjeldstad debuterte på scenen ved Søilen Teater i 1939. Seinare verka han som skodespelar ved Carl Johan Teatret i 1942–43, Stavanger Teater i 1945–46, Folketeatret i 1952–59, Nationaltheatret i 1960–62 og Det Norske Teatret i 1949–50 og 1962–86. Han spela i eit variert repertoar og fekk fleire prisar, mellom anna Kritikarprisen for tolkinga si av tittelrolla i Harold Pinters Vaktmester'n (1974). Fjeldstad arbeidde dessutan som sceneinstruktør, og han medverka i ei rekkje norske filmar. Han vekte internasjonal merksemd i rolla som Jan Baalsrud i Ni liv (1957). Filmen vart nominert til Oscar og er seinare fleire gonger kåra til beste norske film gjennom tidene.

Fjeldstad vart i 1985 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt for norsk scenekunst og kulturliv. To år seinare fekk han Amandakomiteens ærespris for arbeidet med norsk film.

 

Kjelder

Knut Arntzen ofl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991

Lise Lyche: «Jack Fjeldstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Alf H. Madsen: Ti liv. Historien om Jack Fjeldstad. Oslo 1994

 

Peikarar

Filmografi i Internet Movie Database, imdb.com

Først publisert: 11.09.2020
Sist oppdatert: 11.09.2020