Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Anker Frøydarlund

Jan Anker Frøydarlund (1911–1996) frå Skien var utdanna translatør. Han omsette dikt av Juan Ramón Jiménez (Kjærleik, 1966) og Jonas Negalha (Den kortaste dagen, 1977) til norsk.

Han gav også ut ein antologi med dikt frå mange land, som han kalla Curriculum vitae (1978). Her er tekstar frå tsjekkisk, spansk, russisk, engelsk, islandsk og italiensk. Men han skreiv også dikt sjølv: Løynleg liv (1979), Horisonten og regnbogen (1980) og Circuit of time (1988).


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018