Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Jan-Henrik Fredriksen

Jan-Henrik Fredriksen, sveisar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Finnmark sidan 2005. Han var den første stortingsrepresentanten for FrP frå Finnmark.

Jan-Henrik Fredriksen er fødd 2. oktober 1956 i Kragerø i Telemark, der han òg voks opp. Han tok yrkesskule i Kragerø i 1974–75 og har fagbrev som sveisar. Fredriksen arbeidde ved A/S Sydvaranger i 1975–76, Kragerø Verft og dokk i 1977–79, Kystservice AS – Kragerø i 1979–82, Fjeldstad A/S i 1982–93 i Holmestrand og ved Fabricom sidan 1993.
Fredriksen var politisk nestleiar i Finnmark FrP i 2000–01, leiar i 2001–04, leiar av Sør-Varanger FrP i 2000–05, medlem av Sør-Varanger formannskap og fylkesutvalet i Finnmark i 2003–07, før han blei vald til stortingsrepresentant for Framstegspartiet i 2005. Han arbeider politisk for å leggje ned Sametinget og vil ha lik behandling av alle etniske grupper i Finnmark.
Fredriksen er leiar av Jarfjord Nærings- og bygdelag frå 1998. Han var leiar av plan-, miljø- og næringskomiteen i Sør-Varanger i 2003–05 og medlem i styret for Kirkenes Næringshage i 2003–04.
Kjelder
Jan-Henrik Fredriksen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JF [lesedato11.3.2012]

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013