Hopp til innhold
Johan Falkberget, 1935. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 2.0
Johan Falkberget, 1935. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 2.0
X
Innhald

Johan Falkberget

Johan Falkberget, norsk forfattar og politikar. Han var ein av dei viktigaste prosaforfattarane i Noreg i det 20. hundreåret. I romansyklusane Christianus Sextus og Nattens brød skriv han om einskildmennesket sin kamp for å overleve i eit ugjestmildt gruvesamfunn.

Johan Falkberget, eigentleg Johan Petter Mikkelsen Lillebakken, var fødd 30. september 1879 i Rugldalen på Røros. Han døydde 5. april 1967 på heimgarden sin, Ratvolden. Han byrja å arbeide i gruvene på Røros i sjuårsalderen, og han hadde arbeidsplassen sin her fram til 1906, då han var 27 år gamal. Falkberget byrja tidleg å skrive artiklar for lokalavisa, Fjell-Ljom. Sidan skreiv han artiklar og forteljingar til aviser og tidsskrift gjennom heile livet. I tillegg var han redaktør i Aalesund-avisa Nybrott (1906–07) og Fjell-Ljom (1945). Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet i perioden frå 1931–33.

Falkberget fekk publisert forteljinga Mod lys og grav i Fjell-Ljom i 1901. Debutboka var Naar livskvelden kjem (1902), som var skriven på nynorsk. Sidan gav han ut novellesamlingar, lyrikk, artiklar og romanar. Han skreiv samfunnskritisk litteratur og historisk litteratur. Det er den forteljande prosaen, og då først og fremst dei historiske romanane frå Røros, som har gjort Falkberget kjend. I romanen Den fjerde nattevakt (1923) og romansyklusane Christianus Sextus (1927–35) og Nattens brød (1940–59) krinsar handlinga rundt einskildmennesket sin kamp for å finne sin plass i det tøffe gruvemiljøet på Røros.

Falkberget fekk statens diktargasje frå 1930 og offentleg æresløn frå 1963. I 1960 blei han kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han fekk Borgardådsmedaljen i gull i 1964. Heimstaden til Falkberget, Ratvolden, er i dag museum.

Sjå video frå NRK Skole, frå Filmavisen, 1946:



Bergmannsdiktaren

Prosaforfattaren Falkberget skriv seg inn i ein nyrealistisk tradisjon, saman med diktarar som Olav Duun, Sigrid Undset og Kristofer Uppdal. Det er gruvemiljøet på Røros som er ramma for dei mest kjende romanane hans, og han bruker kulturhistoriske granskingar for å gjere bergmannsmiljøet i bøkene mest mogleg realistisk. Falkberget nyttar òg sine eigne erfaringar og personar han møtte i den tida då han arbeidde i gruvene, som inspirasjon til bøkene han skreiv.

Det er særleg Den fjerde nattevakt, trilogien Christianus Sextus og firebandsverket Nattens brød som lyftar fram Falkberget som ein av dei viktigaste forfattarane i Noreg i det 20. hundreåret. I Den fjerde nattevakt er vi på Røros på 1800-talet, og vi møter presten som er i konflikt med sin eigen moral og kjempar mellom tru og tvil. Christianus Sextus er rå og brutal i skildringa av dei svenske soldatane som fann vegen til Røros på 1700-talet, men likevel gir trilogien ei von om at kjærleiken vinn fram sjølv i eit ugjestmildt gruvemiljø.

Den realistiske litteraturen til Falkberget har ein psykologisk dimensjon. Han skriv om korleis einskildmennesket må ta ansvar for eigne val i ei verd som er i stadig endring. Falkberget bruker kontrastar som lys og mørke og sommar og vinter for å få fram striden mellom det gode og det vonde i mennesket. Den kristne grunnkjensla er ei viktig rettesnor i forfattarskapen hans. Dette blir ofte symbolisert gjennom lysmotivet og bibelallusjonar. Eit døme er Nattens brød, der han bruker Johannesevangeliet som eit hint om tilværet og utviklinga hos An-Magritt og kjærasten hennar, Johannes.

Falkberget er òg ein samfunnskritisk forfattar. I satiren Bør Børson jr. (1920) går han til rette med aksjespekulantar og bygdedyret. Bør Børson jr. har seinare gjort stor suksess både på teateret og som filmmusikal. I tillegg til prosaen skreiv Falkberget lyrikk. I 1925 kom diktsamlinga Vers frå Rugelsjøen. I samspel med ein sterk lengt mot det naturlege og reine i fjellheimen finn vi også her det kristne lysmotivet. Falkberget nyttar mykje sjølvbiografisk materiale i bøkene sine. I boka I lyset fra min bergmannslampe (1948) skriv han om sine eigne ungdomsår på Røros.

Debutboka Naar livskvelden kjem (1902) skreiv han på nynorsk, men sidan skreiv han på bokmål gjennom heile forfattarskapen. For å gjere handlinga meir realistisk nytta han lokale ord og uttrykk og dialekt i dialogane.

Falkberget var ein populær forfattar blant lesarar og kritikarar i samtida. Med høge salstal og ei rekkje utmerkingar fekk han ein solid posisjon i det litterære Noreg på 1900-talet.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2001

Kojen, Sturle: Johan Falkberget. Forteller og stridsmann. Oslo 2007

Evenstad, Ragnar (red.): Vendt mot lyset. Johan Falkberget i liv og diktning. Oslo 2009

Peikarar

«Johan Falkberget», forfattarside, falkberget.no: http://www.falkberget.no/name/forside



Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 27.04.2016