Hopp til innhold

Johannes Farestveit

Johannes Farestveit var forleggjar med teft for omsette nynorske spenningsbøker for born. Mest kjend er han som redaktør i Norsk Barneblad, dessutan var han teikneserieforfattar og omsetjar.

Farestveit var fødd i Modalen i Hordaland 11. mars 1923 og døydde i Larvik 16. september 1995. I 1956 tok den 33 år gamle læraren over som redaktør og disponent i Norsk Barneblad, eit arbeid han hadde fram til 1979. Han moderniserte bladet og sleppte til lesarane, mellom anna i diskusjons- og vitsespalter. Bladet hadde likevel eit sterkt skjønnlitterært preg, særleg var det kjent for spennande føljetongar.

 

Som forleggjar knytte Farestveit til seg norske forfattarar som Johannes Heggland, Arvid Hanssen, Ola Jonsmoen og Sigbjørn Heie, og han omsette sjølv fleire amerikanske bøker. Han fekk Solveig Muren Sanden til å illustrere Norsk Barneblad og bøkene frå Norsk Barneblads Forlag. Mesteparten av tida samarbeidde dei to om teikneseriane Smørbukk og Tuss og Troll, han som tekstforfattar og ho som illustratør.

 

For omsetjingane sine fekk Farestveit Nynorsk barnelitteraturpris i 1970 og Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpremie i 1973. Same året fekk han og Solveig Muren Sanden, som dei aller første, Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin teikneseriepremie – for teikneserien Smørbukk. Farestveit fekk Bastianprisen for omsett barnelitteratur i 1984. Han var æresmedlem i Smørbukks Vener.

 

Kjelder

Olav Norheim: Smørbukk 70 år. Oslo 2008

Først publisert: 14.11.2017
Sist oppdatert: 14.11.2018