Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Fatnes

Jon Ingolv Fatnes, pressemann. Han skipa to store nynorskaviser, Hallingdølen i 1936 og Jærbladet i 1949.

Jon Fatnes var fødd 10. oktober 1908 i Hjelmeland og døydde 9. august 1979 i Kristiansund. Han voks opp i Skjold i Rogaland, og etter folkeskulen gjekk han fylkesskule og tok korrespondansekurs ved Bladmannaskulen.
Dei første stega i presseverda tok han som redaktør av bladet Sandnes i 1929. Året etter arbeidde han i Haugesunds Dagblad, og i 1932 byrja han som redaktør i Sauda Avis, noko seinare same året vart han redaktør av bladet Ryfylke i Sauda.
I 1936 skipa han avisa Hallingdølen i Ål og redigerte avisa til ho vart stogga av den tyske okkupasjonsmakta i 1941. Etter det vende han attende til Jæren, busette seg i Klepp og livnærde seg  fram til 1945 som bokseljar. Hallingdølen tok opp att drifta 7. juni 1945, Fatnes var redaktør ut året og selde så avisa. Frå 1946 var han korrespondent for Jæren og Dalane i Stavanger Aftenblad.
I oktober 1949 sette han i gang Jærbladet på Bryne og var ansvarleg redaktør til han døydde i Kristiansund under ei reise i 1979. Jærbladet var då ei av dei største lokalavisene i landet.
Han var norskdomsmann og idealist og såg på journalistikken mest som eit kall. Nyhende og reportasjar var hans sterke side, og han la stor vekt på kulturstoff. Han var ein heller lågmælt og varsam pressemann. Han hadde skipa og redigert to store lokalaviser, men heldt seg sjølv unna rampelyset. 
Kjelder
Jostein Fylling: Avisa på Jæren. Jærbladet 50 år. 1949–1999. Bryne 1999
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Magnus Jonsbråten: «Jærbladet». I Torleiv Aarrestad mfl. (red.): Time herad. Fram til 1987. Time kommune 1982
Minneord. Jærbladet 10.8.1979, 17.8.1979, 21.8.1979, 24.8.1979, 31.8.1979
Pressefolk 1938. Oslo 1939
Pressefolk 1950. Oslo 1950
Pressefolk 1967. Oslo 1967
Kåre Olav Solhjell: Lokalavisa vår 50 år. Hallingdølen 1936–1988. [Gol 1988]

Først publisert: 05.09.2012
Sist oppdatert: 05.09.2012