Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Faukstad

Jon Faukstad, trekkspelar og akkordeonist, formidlar av tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen, men har òg har teke initiativ til ny musikk for akkordeon.

Jon Faukstad er fødd 12. juli 1944 i Heidal i Gudbrandsdalen. Han er utdanna musikkpedagog frå Det kgl. danske Musikkonservatorium i København (1972) og cand.philol. frå Universitetet i Oslo, med fagkrinsen statsvitskap, historie og musikkvitskap (1975).
I 1972 vart Faukstad tilsett som timelærar ved Noregs musikkhøgskole. I 1978 vart han førsteamanuensis og i 2000 professor. Heile tida har han leia trekkspelutdanninga ved institusjonen. Parallelt har han vore knytt til Foss videregående skole (frå 1972) og Toneheim folkehøgskole (frå 1980), og han har hatt akkordeonstudentar ved fleire andre institusjonar.
Tradisjonsmusikk har spela ei vesentleg rolle i verksemda hans. I ungdomsåra byrja Faukstad å spele til dans i heimtraktene, i hovudsak tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen. Formidlinga av dette repertoaret gjekk òg føre seg i eit 25 år langt samarbeid med felespelaren Hans W. Brimi, frå 1970. Saman gjorde dei ei rekkje turnear for Rikskonsertane og fleire innspelingar. I seinare år har fiolinisten Per Sæmund Bjørkum vore ein viktig partnar i radio- og fjernsynsprogram, ved plateinnspelingar og på turnear.
Faukstad har òg vore oppteken av nyare musikk. Han har samarbeidd med norske komponistar, frå Øystein Sommerfeldt til Olav Anton Thommessen, og han har uroppført nyskrivne verk for akkordeon. På CD-ane Classic Accordion (1996) og Accordion Chamber (2008) presenterer han eit utval av desse verka.
Kjelder
E-post frå Jon Faukstad, 10.5, 12.6 og 20.6.2010
Jon Faukstad, personleg nettstad, http://www.kunst.no/spelmann/ [lesedato 30.6.2010]

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012