Hopp til innhold
Foto: Knut Egil Wang/ Samlaget
Foto: Knut Egil Wang/ Samlaget
X
Innhald

Jon Fosse

Jon Olav Fosse, forfattar, dramatikar og omsetjar, ei særmerkt røyst i ny norsk litteratur og mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda. Jon Fosse fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.

Fosse er fødd i Haugesund 29. september 1959. Han voks opp i Strandebarm i Kvam kommune. Han studerte litteraturvitskap i Bergen, der han var busett fram til 2011. Då flytta Fosse inn i statens æresbustad for kunstnarar i Oslo, "Grotten". Jon Fosse debuterte som romanforfattar med boka Raudt, svart i 1983. Seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker. I 1989 kom essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Fosse debuterte som dramatikar i 1993, og det er på det området han har hatt størst suksess. Bøkene hans er omsette til meir enn tretti språk.

Sjå video frå NRK Skole:

Skrift

Å lese skjønnlitteraturen til Jon Fosse er å kome inn i ei anna verd. Det er ein rytme i språket som ikkje finst i skrift andre stader, men samstundes er det noko attkjennande også i dette uvanlege: Fosse skriv slik folk tenkjer, særleg når dei er oppøste over eitkvart og ikkje kjem ifrå det. Orda er små og «vanlege», det er det vokabularet ein nyttar når ein snakkar med seg sjølv. Her skjer ikkje store omveltingar, men det er ofte eit trugsmål om at noko kan kome til å skje, under det som kjem til syne i teksten, og alt er skrive med ein ekstrem sensitivitet, slik at ørsmå endringar verkar kolossale.

I den tidlege essayistikken sin finn Fosse ny meining til omgrepet skrift, som hjå han er ein eigen kvalitet ved teksten, eitkvart kroppsleg ved rytmen der framhaldet er viktig, og punktum framstår som noko fiendtleg. Fosse knyter skrifta til ein instans han kallar skrivaren, som i ein tekst i første person korkje er forfattaren eller forteljaren.

Litteraturen var, slik Fosse såg det kring 1989, i rørsle frå «telling», der forfattaren sa korleis ting var, via «showing», der forfattaren synte korleis det hang saman, til «writing» der skrifta, ein personleg rytme og språkmelodi, er det mediet kunstnaren ovrar seg gjennom. Dette plasserer Fosse i den postmoderne epoken, men som tilfellet er med alle store kunstnarar, definerte han sin eigen ståstad uavhengig av dei næraste omgivnadene og utvikla si eiga retning.

Eksistensielle rom

Dei første romanane til Fosse hadde koordinatar i samtida, omgrep frå moderne liv høyrde med i teksten, men berre som kulissar. Det eksistensielle rommet var det viktige, og Fosse skreiv seg nedover mot eit minimum av naudsynte omgrep. I dramatikken blir dette understreka av nakne scener og eit persongalleri med menn og kvinner av få ord dei gjentek ofte, men samstundes er personane der representerte ved skodespelarane, og ikkje berre som tekst, og denne fysiske identiteten til røystene løftar dramaet frå abstrakt idé til konkret personleg engasjement.

Dette kan vere noko av forklaringa på at Fosse har nådd eit større publikum som dramatikar enn som romanforfattar og lyrikar, personane er attkjennande som kroppar på scena og i situasjonar som kan minne om eitkvart tilskodarane har opplevd, medan den reine teksten med sine minimalistiske grep og alt sitt fråvere av normalprosa kan verke framand, merkverdig og ekskluderande. Fosse rekna seg ikkje som teatermann i byrjinga av karrieren, men oppdaga det særmerkte talentet sitt for dramatikk etter eit kurs i regi av Skrivekunstakademiet i Hordaland, der han sjølv i ein periode var lærar.

Fosse kan minne både om Samuel Beckett og Thomas Bernhard i dramatikken, få personar med eit lite og endåtil minkande språk rører seg mellom enkle kulissar. Men der Bernhard skriv eit masketeater med politisk agenda i store og stive rørsler, og Beckett plasserer handlinga utanfor dei rasjonelle røynslene forfattaren deler med publikum, for å setje ein idé i scene, presenterer Fosse skjelett av det faktiske, scenene er som røntgenbilete av det daglege, og Fosse er ein meister i å finne dei minste einingane for naudsynt språk og kode mellom menneske i avgjerande situasjonar.

Trass i denne minimalismen merkar ein at det er forfattar Fosse er, at dramatikken hans er skriven og tenkt som tekstar og ikkje veks fram av røynslene i teatermaskineriet. Det er eit språkarbeid meir enn ei møblering av scener, personane kjem tydeleg til syne gjennom dei få orda som blir sagt, særleg når orda kjem til kort, når replikken syner fram det som ikkje lèt seg forme i ord. Språket er i slike stykke heile tida truga av kollaps, rollefigurane blir vare si eiga maktesløyse. Samstundes kan Fosse med eit kunstgrep syne kor fantastisk mykje det er råd å seie ved to ulike måtar å uttale eit namn på, som når Suzannah i stykket som er oppkalla etter henne, seier: ”Eg skal gjere Henrik Ibsen til Henrik Ibsen!”

Tekstar skorne inn til det reint eksistensielle er på sett og vis tidlause, men fråvere av teknologi minner om farne tider og medfører eit tap av modernitet. Særleg i romanane har Fosse funne det naudsynt å søkje attover i tid for å finne miljø som tillèt handlinga, rytmen, skrifta og erkjenninga å stå fram utan støy og distraherande element. I den korte forteljinga Andvake frå 2007 går dei to hovudpersonane ikring i byen Bjørgvin, og lesaren kjenner på seg at noko ville ha gått i stykke i romanen om forfattaren hadde nytta namnet Bergen. Alle kjenneteikn på eit moderne samfunn ser ut til å vere tabu for ei slik skrift som den Fosse har utvikla, det er universelle menneskelege vilkår, så å seie avkledde kulturen, han freistar å skrive fram.

Sentrale verk

Mellom dei mest kjende bøkene til Jon Fosse er romanane Naustet frå 1989, Melancholia I og II frå høvesvis 1995 og 1996, Morgon og kveld frå 2000 og forteljinga Andvake frå 2007. Av dei mange teaterstykka kan ein nemne Nokon kjem til å komme frå 1996, Natta syng sine songar og Ein sommars dag frå 1998 og Suzannah frå 2004. Fosse har òg skrive diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar, og han har omsett dramatikk og andre tekstar frå tysk, m.a. teaterstykke av Thomas Bernhard.

Prisar o.l.

Fosse er mellom mykje anna tildelt Nynorsk litteraturpris (1992), Ibsenprisen (1996), Aschehougprisen (1997), Gyldendalprisen (1999), Doblougprisen (1999), Diktartavla (2004), Anders Jahres kulturpris (2006), Svenska Akademiens nordiska pris (2007) og Den internasjonale Ibsenprisen (2010). Fosse er kommandør av St. Olavs orden. I 2011 gav regjeringa Fosse statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. I 2012 fekk Fosse Målprisen av Noregs Mållag for å fremje bruk av nynorsk i offentlegheita. For Andvake-trilogien fekk han Nordisk råds litteraturpris i 2015, og i 2016 fekk han Willy Brandt-prisen for å ha bidrege til å styrke banda mellom Noreg og Tyskland.

Skjermdup frå NRK frå då Jon Fosse mottok Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd i 2015.

Skjermdup frå NRK frå då Jon Fosse mottok Nordisk råds litteraturpris for trilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd i 2015.

Vidare lesing

Jakobsen, Rolv Nøtvik: "Det namnlause : litteratur og mystikk med utgangspunkt i dramatiske tekstar av Jon Fosse". NLÅ 1997 , 225-38

Bjørneboe, Therese: "Jon Fosse på europeiske scener". Samtiden, nr. 1 (2003), 101-14

Hagen, Alf van der: Dialoger, [b. 1], 1993, 83-115

Hareide, Jorunn & Drude von der Fehr, red.: Tendensar i moderne norsk dramatikk, 2004 (om bl.a. Barnet og Ein sommars dag)

Heith, Anne: "Fenomenet Jon Fosse". Norsk dramatisk årbok (1997), 34-45

Kaldestad, Per Olav: "'Ein barndom skal vere ein trygg plass, så langt det lèt seg gjere'". Årboka Litteratur for barn og unge 2002 , 29-41

Langås, Unni: "Intet er hans stoff : om Jon Fosses dramatikk". Edda (1998), 197-211

Larsen, Leif Johan: "Smerte, sorg og dristighet : om Jon Fosses forfatterskap". Norsklæraren 19, nr. 4 (1995), 46-54

NBL 2. utg.

Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Seiness, Cecilie N.: Jon Fosse : poet på Guds jord, 2009

Stueland, Espen: Å erstatte lykka med eit komma : essay om cesur, rituell forseintkomming i produksjonen til Jon Fosse, 1996

Sætre, Lars: "Modernitet og heimløyse : det moderne dramaets ironi : form og tematikk i Namnet av Jon Fosse". NLÅ 2001 , 149-78

Bøygen, årg. 14, nr. 1/2, 2002 (tema: Jon Fosse: s. 58-100)

Jon Fosse, vedlegg til Dag og tid 22. nov. 2003, nr. 47 (36 s.: artikler og intervju)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 14.11.2018