Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Fjeld

Jonas Fjeld (eigentleg Terje Jensen), f. 1952, er låtskrivar og gitarist. Fjeld har fått to Spellemannprisar (for Neck ’n Neck og Time & Motion) som leiar av Jonas Fjeld Band. Frå midten av 1980-åra har han vore soloartist. Fjeld fekk også Spellemannpris i 1991 saman med Rick Danko og Eric Anderson. Samarbeidet med Ole Paus under namnet To rustne herrer har mellom anna ført med seg albuma Damebesøk (1998) og 12 rustne strenger (2002).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013