Hopp til innhold

Jørn Fossheim

Jørn Fossheim, pianist og dirigent, har turnert mykje i Russland og har arbeidd med redigering av eldre norske verk.

Jørn Fossheim er fødd 14. juli 1968 i Høyanger. Han er utdanna pianist ved Østlandets Musikkonservatorium i 1993 og fullførte solistdiplom ved Noregs musikkhøgskole i 1996. Sidan har han studert orkesterdireksjon ved Rimskij-Korsakov-konservatoriet i St. Petersburg (2005–08).
Debutkonserten hans som utøvar skjedde i Oslo i 1995. Fossheim har etter dette konsertert i ei rekkje europeiske land og i Asia. Han er særleg interessert i russisk klavermusikk, både eldre og samtidige komposisjonar, og er mykje nytta som solist i Russland. Mellom anna har han arbeidd med St. Petersburg Filharmoniske orkester. Med dette orkesteret gjorde han i 2001 den første russiske framføringa av Issay Dobrowen sin pianokonsert frå 1926. Verket vart spela inn på plata Issay Dobrowen – Piano Concerto and Sonatas, utgitt på Simax i 2004.
Etter fullført direksjonsutdanning har Fossheim òg teke oppdrag som dirigent. Dei statlege symfoniorkestra i Moskva, St. Petersburg og Litauen er mellom ensembla han har vore leiar for, men han har òg dirigert fleire orkester i Tyskland. Dei seinaste åra har han også arbeidd i operahus, mellom anna ved operahuset Burgas i Bulgaria (2009) og ved Deutsche Oper Berlin (2010), der han var assistent i ein produksjon av Wagner-operaen Rienzi.
Fossheim har gjort ein solid innsats for vidareføring og bevaring av den norske musikkarven, gjennom redigeringsarbeid av gamle partitur. Mellom stykka han har arbeidd med, er Johan Halvorsen sine tre symfoniar og Johannes Haarklou sitt oratorium Skabelsen og Mennesket. I samarbeid med dirigenten Bjarte Engeset har han arbeidd med ein kritisk gjennomgang av Johan Svendsen sine samla komposisjonar.
Kjelder
E-post frå Jørn Fossheim 30.8.2010
Telefonsamtale med Fossheim 31.8.2010
«Musikkarvprosjektet», Universitetet i Oslo, sist oppdatert 7.12.11: http://www.hf.uio.no/imv/forskning/prosjekter/musikkarv/strategi.html [lesedato 2.4.12]
Christian Lysvåg: «Jørn Fossheim and St. Petersburg Philharmonic Orchestra: Dobrowen: Piano Concerto and Sonatas», www.mic.no, publisert 14.12.05: http://www.ballade.no/mic.nsf/doc/art2005121411285046064545 [lesedato 1.9.2010]

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2012